Det blir nye to veker med munnbind i Hallingdal. (Illustrasjonsbilete).

Forlenger påbod om munnbind i nye to veker

Heilt sidan før jul har det vore eit krav om å bruke munnbind i Hallingdal. No blir påbodet vidareført i to veker til.

Det var den klare anbefalinga då regionrådet og kommuneoverlegane møttest torsdag. Fredag hadde både Ål, Hol og Hemsedal alt bestemt seg for ny forskrift.

– Munnbind gir ein god tryggleik, seier regionrådsordførar Solveig Vestenfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til 15. februar

Påbodet me no har i Hallingdal gjeld i første omgang fram til 2. februar. Det går ut ved midnatt måndag. Men fleire kommunar banka gjennom ei forlenging i løpet av fredagen.

Ifølgje Vestenfor kjem alle hallingdalskommunane til å vidareføre påbodet til og med måndag 15. februar.

– Folk begynner å bli gode på dette med munnbind. Dei fleste er flinke til å bruke det. Det ville vore dumt å fjerne ein vane som no er godt innarbeidd blant folk, seier Vestenfor.'

God påminning

Det låg an til å bli ei rolegare helg enn vanleg i Hallingdal, for nokre dagar sidan innførte regjeringa strenge reglar i 25 kommunar i Oslo-området som følgje av utbrot av det muterte viruset i Nordre Follo. Blant anna vart innbyggarane i desse kommunane bedne om å halde seg heime.

Men torsdag kveld kom det ny melding om at folk likevel kan reise.

– No som alle bortsett frå dei som bur i Nordre Follo kan reise friare, vil det kome fleire folk hit frå fleire ulike stader. Då gir munnbind ein ekstra tryggleik. I tillegg til at det beskyttar betre, gir det også ei påminning til folk om å halde avstand, seier Vestenfor.

Påbodet om munnbind gjeld på alle offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.