Den 38 år gamle trebarnsfaren frå Eritrea har vedgått å ha drepe kona si i leilegheita deira i Nesbyen om morgonen den 5. januar.
Den 38 år gamle trebarnsfaren frå Eritrea har vedgått å ha drepe kona si i leilegheita deira i Nesbyen om morgonen den 5. januar.

Forlenga varetekt for drapssikta ektemann

Mannen som drap kona i si Nesbyen i januar er varetektsfengsla for fire nye veker.

Bakgrunnen for fengslinga er faren for at han kan halde unna bevis. For etterforskinga er ikkje avslutta.

– Me ventar på den rettspsykiatriske undersøkinga av mannen, seier politiadvokat Per Thomas Omholt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den 38 år gamle trebarnsfaren frå Eritrea har vedgått å ha drepe kona si i leilegheita deira i Nesbyen om morgonen den 5. januar. Han banka sjølv på døra til lensmannskontoret og melde ifrå om kva som hadde skjedd. Kona vart drepen med ein kjøkkenkniv.

Den drapssikta ektemannen har seinare vore på åstaden saman med etterforskarane og fortalt korleis drapet skjedde.

– Me etterforskar også korleis barna til familien har hatt det før drapet, opplyser Omholt.

– Kva var motivet for å drepe kona?

– Det kan eg ikkje gå ut med på noverande tidspunkt, seier politiadvokat Per Thomas Omholt.