Gol kommune er i prisforhandlingar med Bjerke Nettbygg om Glitrehaug. (Arkivfoto)
Gol kommune er i prisforhandlingar med Bjerke Nettbygg om Glitrehaug. (Arkivfoto)

Forhandlar med Bjerke Nettbygg

Gol kommune er i forhandlingar om å selja Glitrehaug til Bjerke Nettbygg AS som hadde høgste bodet.

Den nedlagde skulebygningen og eigedommen på Glitrehaug vart lagt ut for sal i november i fjor.

Til høgstbydande

Då fristen gjekk ut hadde det meldt seg to kjøparar. Den eine tilbydaren er Bjerke Nettbygg AS. Den andre tilbydaren er ikkje namngitt i saksutgreiinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gol formannskap behandla Glitrehaug-salet torsdag i forrige veke. Med fire mot tre røyster vedtok formannskapet å selja Glitrehaug-eigedommen til høgstbydande.

Politikarane gav administrasjonen fullmakt til å gå i forhandlingar med høgstbydande. Det var Venstre, Høgre og Senterpartiet (2) som stod bak fleirtalsvedtaket.

Mindretalet (2 Ap og KrF) ville vite kva tilbydarane har tenkt å bruke eigedommen til før dei tek stilling til kven som får kjøpe Glitrehaug. Saka går ikkje vidare til kommunestyret.

Bjerke Nettbygg

Det er ikkje nemnt i formannskapsvedtaket kven som er høgstbydande. Hallingdølen fekk i etterkant opplyst at det er Bjerke Nettbygg AS.

I tilbodspapira som er vedlegg til saka, opplyser selskapet at ein ynskjer å opparbeide Glitrehaug til næringspark for eigne aktivitetar og utleige. Oppdeling av området også kan vera aktuelt.

Kommunalsjef for samfunn og utvikling i Gol kommune, Kristian Damstuen, opplyser på vegner av rådmannen at ein ynskjer å oppnå høgare pris enn dei innkomne tilboda. Taksten er 6,4 millionar kroner.

– Kommunen er i forhandling med Bjerke Nettbygg AS som hadde høgste bodet. Kommunen kan ikkje gå ut med meir detaljert informasjon så lenge forhandlingane ikkje er avslutta, skriv Damstuen i ein e-post til Hallingdølen.