For høg fart og ulovleg bruk av mobil

Politiet skreiv ut fleire bøter etter trafikkontroll i Gol tysdag.

UP hadde laserkontroll i 60-sona på Rv7 på Rotneim. Her vart seks sjåførar bøtelagt for å ha køyrd for fort. I tillegg vart det skrive ut forenkla førelegg til tre personar for ulovleg bruk av mobiltelefon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein vart også anmeldt for bruk av mobil etter at vedkomande ikkje ville vedta førelegget.

Politiet hadde også laserkontroll i 50-sona i Hemsedalsvegen, Hesla. Her fekk tre sjåførar bot for å ha køyrd for fort.

Høgaste hastigheit var 73 km/t.