Styreleiar og rektor for Ål Folkehøyskole, Sonja Myhre Holten og Berglind Stefansdottir, seier skulen går ei uviss framtid i møte.
Styreleiar og rektor for Ål Folkehøyskole, Sonja Myhre Holten og Berglind Stefansdottir, seier skulen går ei uviss framtid i møte.

Folkehøgskulen fryktar fatale kutt

I reviderte nasjonalbudsjett er det foreslått at tilskot til kortkurs i folkehøgskulen i Ål fell bort frå 2021. Styreleiar Sonja Myhre Holten og rektor Berglind Stefansdottir seier dei ser alvorleg på saka.

– Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve er den einaste institusjonen i Norge som er heilt teiknspråkleg. Me er viktige for Norges døve, så dette kan få store konsekvensar for teiknspråklege i heile landet. seier Sonja Myhre Holten.

– Ei menneskerett

I 2011 vart dei fleste døveskulane i landet lagt ned, og elevane blei integrert i den norske skulen, der dei deltek via tolk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Døve vil, på same måte som alle andre, kunne kommunisere med folk direkte. Det er ein menneskerett. Folk meiner det er tilstrekkeleg med tolk, men det er ikkje ideelt. Ein heng etter i samtalen og ein blir ikkje inkludert på same måte. Om du bur på ein plass kor det ikkje er nokon andre døve rundt deg, og all kommunikasjon må gå via tolk ... det er svært vanskeleg å vere døv åleine, seier styreleiar Holten. – Då må ein ha moglegheit til å kome hit, legg ho til.

Kurs for livet

Folkehøgskulen tilbyr fleire typar kortkurs. No har dei kurs for folkehøgskulelærarar frå heile landet. På teiknspråk lærer dei mellom anna om pedagogikk og undervisningsdidaktikk.

– Det er ting alle teiknspråklærarar burde kunne, som dei ikkje kan lære nokon annan plass, seier Sonja Myhre Holten.

Rektor på Ål Folkehøyskole, Berglind Stefansdottir seier endringane kjem til å påverke døve i heile landet.
Rektor på Ål Folkehøyskole, Berglind Stefansdottir seier endringane kjem til å påverke døve i heile landet.

Skulen har tilbod på kurs dei ser eit behov for i teiknspråksamfunnet, og kursa varierer i takt med etterspørsel. Dei har mellom anna hatt samlivskurs og arbeidslivskurs, som Myhre Holten sjølv har delteke på.

– Det handla om korleis ein arbeidsplass fungerer. Heilt vanlege ting som tariffavtalar eller hierarki, ting som kan gå rett over hovudet ditt om du er døv. Det er gangpraten ein ikkje får delteke i, forklarar ho.

– Det å kunne få undervisning, samt å diskutere i grupper direkte på teiknspråk, det er berre hjå oss ein kan gjera det, legg rektor Stefansdottir til.

Dialog med Kunnskapsdepartementet

Dagleg leiar for Folkehøgskolerådet, Christian Tynning Bjørnø, seier til Hallingdølen at det ikkje er fyrste gong regjeringa foreslår å fjerne støtta til kortkurs.

– Me har åtvara sterkt mot dette kvar gong, og har klart å behalde støtta med eit nødskrik kvart år. No er det fleirtalsregjering, så det som vert endra no – slik blir det, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare pratar han om verdien av kortkursa på Ål Folkehøyskole:

– Kursa har ein enormt stor verdi for dei som går der, og at skulen no mistar statsstøtte meiner me er urettferdig. Det er lite pengar i den store samanhengen, men det er utruleg viktige pengar for dei som nyt godt av slike kurs. Samstundes er me i dialog med Kunnskapsdepartementet, og me kjempar for å behalde støtta til siste slutt. Me gjer oss ikkje, avsluttar Bjørnø.

Uviss framtid

Samstundes som det skal kome kutt i stønaden til kortkurs, skal grunnstøtta til folkehøgskulane auke. Altså skal den økonomiske ramma ikkje endres vesentleg. Holten og Stefansdottir seier det spelar liten rolle.

– Noko av problemet er at alt er så uvisst. For kva er eigentleg grunnløyvinga? Det varierer frå folkehøgskule til folkehøgskule. Samstundes har me så mange kortkurs gjennom eit år, og bruker meir pengar på det enn det andre folkehøgskular gjer, seier styreleiaren.

Stefansdottir stemmer i;

– Ja, for først skulle ikkje spesialskulane miste kortkursa, men no har me mista dei likevel. Det har vore så uklart. Eg synest det er brutalt.