Per-Erik Sæther var ein av fleire hundre som møtte opp i Gol for å protestere mot regjeringa sin arbeidslivspolitikk. Den tidlegare Frp-aren har meld seg ut av partiet i protest.
Per-Erik Sæther var ein av fleire hundre som møtte opp i Gol for å protestere mot regjeringa sin arbeidslivspolitikk. Den tidlegare Frp-aren har meld seg ut av partiet i protest.

«Folk flest» snur ryggen til Frp

– Frp er ikkje lenger «partiet for folk flest». Dei lever ikkje opp til slagordet sitt.

Det seier Per-Erik Sæther frå Hemsedal. Han jobbar i helsestellet i Hemsedal kommune og er tillitsvald i Fagforbundet i LO. Dei siste fire åra har han også hatt plass i styret i Hemsedal Frp. For fjorten dagar sidan melde han seg ut.

– Frp-arar som har eit forhold til arbeidsmiljølova bør gjere det same, seier han. Det varfrifagbevegelse.no som fyrst skreiv om saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sæther har stemt Frp i fleire tiår og vore medlem dei siste fem åra. Han veit kva partiet står for og er ikkje overraska over at arbeidsminister Robert Eriksson vil «mjuke opp» arbeidsmiljølova.

– Eg har visst at Frp har meint dette – det står jo i partiprogrammet. Men eg hadde rekna med at Høgre og støttepartia ville nøytralisere dei mest ytterleggåande prinsippa. Det er sider ved Frp som eg framleis står ved, men eg blir sett ut når dei startar å tulle med arbeidsmiljølova. Lova er eit viktig verktøy både for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, seier han.

At Frp vil avvikle skattefrådraget for fagforeiningskontingenten og opne for turnusar med meir kvelds- og helgearbeid fremjar ikkje interessene til arbeidsfolk.

Som helsearbeidar er Per-Erik Sæther vant til å jobbe turnus. Han vil ikkje at arbeidsgjevar skal få spelerom til å setje opp turnuslister med meir ugunstig arbeidstid. (Arkivfoto)
Som helsearbeidar er Per-Erik Sæther vant til å jobbe turnus. Han vil ikkje at arbeidsgjevar skal få spelerom til å setje opp turnuslister med meir ugunstig arbeidstid. (Arkivfoto)

– Slik dei køyrer på no, er dei ikkje lenger «partiet for folk flest». Eg kan ikkje stå bak ei regjering som vil øydeleggje det forfedrane våre har stått på barrikadane for å byggje opp, seier han.