Formann Harald Slette desinfiserer alle flater folk har vore i kontakt med.

Følgjer strenge retningsliner for å unngå smitte

Ved Ramirent si avdeling i Gol handlar rutinane om éin ting om dagen: å forhindre spreiing av koronaviruset.

Ein tur innom døra fortel alt om kor alvorleg næringslivet ser på situasjonen. Formann Harald Slette tek mot oss med desinfeksjonskluten i handa. Han blir iallfall ikkje skitten på nevane om dagen, der han stadig går og turkar dørhandtak og disk.

Bedrifta driv utleige av alle slags ulike typar maskiner. Konsernet er langt framme når det gjeld helse- miljø og sikkerheit. Det er lett å skjøne når Slette fortel kva rutinar dei fem tilsette ved kontoret i Gol må følgje no om dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Formann Harald Slette seier dei no har faste hygienerutinar etter kvart kundebesøk.

– Når det kjem kundar inn, skal me tørke av disk og dørhandtak for kvar kunde. Og så skal me passe på å halde avstand. Matpausane deler me opp no, slik at det ikkje blir så mange saman på matrommet. Me har delt oss i to grupper, og sjefen sit for seg sjølv. Me sit to og to, med avstand til kvarandre. Handhygiene gjeld heile tida medan me er på jobb, og med avsluttar med spritvask, fortel han.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.