Heile 56 prosent av dei spurde i ei ny meningsmåling ønskjer å splitte Viken.Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Fleirtal i meiningsmåling for å splitte Viken

Ei ny meiningsmåling utført for NRK viser at 56 prosent av dei spurde seier ja til å splitte opp storfylket.

Berre 27 prosent er imot, melder NRK.

Undersøkinga er gjennomført blant 3000 Viken-innbyggjarar av Norstat på oppdrag frå NRK og Amedia.

Artikkelen held fram under annonsen.

I storbyregionen Nedre Glomma – som består av kommunane Fredrikstad og Sarpsborg – svarer heile 74 prosent at dei ønskjer å oppløyse fylket.

I Østfold totalt er det 66 prosent som er for oppløysing, medan i Akershus og Buskerud vil litt over halvparten splitte storfylket opp. Lågast entusiasme er det i Asker og Bærum der berre 35 prosent ønskjer å kvitte seg med Viken.

I ei meiningsmåling i Innlandet fylke svarer to av tre under 30 år at dei ønskjer seg tilbake til Hedmark og Oppland. (©NPK)

Les også
Tilbake til Buskerud: – Viken vart oppretta med tvang. Oppløysing er best for å rette opp feilen
Les også
Framleis i det blå om Viken Ap vil stemme for oppløysing av storfylket
Les også
Ilagt bot på fem millionar etter dødsulykke i skisenteret
Les også
– Eg ventar at samfunnet blir opna gradvis opp att. Tida er inne for det no