Reportasjen "Til verda i stova", signert fotograf Signe Fuglesteg Luksengard vann årets reportasjefoto i Buskerud.
Reportasjen "Til verda i stova", signert fotograf Signe Fuglesteg Luksengard vann årets reportasjefoto i Buskerud.

Fleire prisar til heimefødsel

Hallingdølen fekk fleire prisar då Buskerud Journalistlag feira dei beste sakene i fylket 2017.

Reportasjen «Til verda i stova» markerte seg i fleire kategoriar då Buskerud Journalistlag (BJ) oppsummerte 2017.

Fotograf er Signe Fuglesteg Luksengard, og saka er skriven av Sindre Thoresen Lønnes med utgangspunkt i heimefødsel i si eiga stove.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er foto-vinnarane

* Nyheiter: «Finger’n», Irene Mjøseng, Laagendalsposten (LP)

* Portrett: «Knut Bry» – Signe Fuglesteg Luksengard, Hallingdølen

* Sport: «Knøttecup» – Tor Folgerø, Hallingdølen

Fotograf Irene Mjøseng tok biletet ho har kalla "Finger'n" for Laagendalsposten der ein pensjonist viste kva han meinte om dei som heldt stand med parolar som "Nei til islam, Ja til frihet".
Fotograf Irene Mjøseng tok biletet ho har kalla "Finger'n" for Laagendalsposten der ein pensjonist viste kva han meinte om dei som heldt stand med parolar som "Nei til islam, Ja til frihet".
Portettet av fotograf Knut Bry er tatt av fotograf Signe Fuglesteg Luksengard som med dette vann årets beste portrettfoto i Buskerud.
Portettet av fotograf Knut Bry er tatt av fotograf Signe Fuglesteg Luksengard som med dette vann årets beste portrettfoto i Buskerud.
Biletet "Knøttecup", der Yonis Deeq Haji Hassan (t.v.) i forsvaret til Ål IL prøver å rydde ballen vekk frå ein angrepshissig Luka Natanel Ingebrigtsen frå Hemsedal Il, er årets beste sportsfoto i Buskerud.

"Brysomme medarbeidere" - Tore Sandberg - Drammens Tidende
"Brysomme medarbeidere" - Tore Sandberg - Drammens Tidende

* Open klasse: «Brysomme medarbeidere», Tore Sandberg – Drammens Tidende (DT)

* Video: «Cars and coffee» – Sindre Thoresen Lønnes, Hallingdølen

* Reportasje: «Til verda i stova», Signe Fuglesteg Luksengard, Hallingdølen

Fotojuryen trekte ut «Finger’n» som vinnar av årets bilete 2017.

Dette er journalistprisane

* Årets nyheit: «Panoramautsikt til det grå eiendomsmarkedet», DT (Knut Erik Friis, Herborg Bergaplass, Hanne Austad, Karianne Braathen og Hennie Firing-Hansen)

Artikkelen held fram under annonsen.

* Årets feature: «Til verda i stova», Hallingdølen (Sindre Thoresen Lønnes og Signe Fuglesteg Luksengard)

* Årets snakkis: «Finger’n», LP

* Årets vri: «Fjell 50 år», DT (Borgvald Moen og Tore Sandberg)

* Årets open klasse: «Valget og hverdagen», DT

* Årets avisside: «Til verda i stova», Hallingdølen (Sindre Thoresen Lønnes, Signe Fuglesteg Luksengard, Jarle Stanes og Olav Johannes Bøthun)

* Godt språk: «Jordbær og gærninger», DT

Hovudprisen, Journalistprisen 2017 gjekk til «Panoramautsikt til det grå eiendomsmarkedet», DT (Knut Erik Friis, Herborg Bergaplass, Hanne Austad, Karianne Braathen og Hennie Firing-Hansen).

I fotojuryen sat Jarl Rehn Erichsen, Gabrielle Burud Hanssen og Jørn Grønlund. I journalistpris-juryen, Henrik Ulrichsen, Heidi Molstad Andresen og Sondre Nilsen.