Iselin Landsmann og Anne Kari Kind med hunden Falk på Dyreklinikken på Ål.
Iselin Landsmann og Anne Kari Kind med hunden Falk på Dyreklinikken på Ål.

Fleire hundar har døydd - sjukdom spreier seg

– Me betraktar oss som utsett. Dette tek me seriøst, og me tek alle forholdsreglar me kan.

Det seier Anne Kari Kind, dyrlege på dyreklinikken på Ål om den alvorlege hundesjukdommen.

Dødeleg

Hundar over heile landet skal ha blitt sjuke av det som kan vere same sjukdom. Mattilsynet melder at det er foreløpig usikkert om desse tilfella har nokon samanheng, men det dreier seg om same typen symptom som er blodig diare og oppkast. Matilsynet melder at allmenntilstanden til fleire av hundane raskt har forverra seg, nokon har hatt oppkast og nokon av hundane har døydd. Over 20 hundar skal ha døydd av sjukdommen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er uvanleg at dei døyr så fort. Heldigvis er det fleire hundar som har klart seg sjølv om dei har hatt blodig diare eller oppkast, seier Kind.

Fleire hundar har blitt obdusert ved Veterinærinstituttet.

Dei fleste tilfella har vore i Oslo området, men det er også registrert hundar med blodig diaré på Tynset, Tønsberg, Hamar, Moss, Hønefoss og Lørenskog, ifølgje NRK. Også i Trøndelag, og Rogaland er det registrert tilfelle. Ifølgje BT er det ein hund i Sogn som har døydd av den alvorlege sjukdommen.

Tek forholdsreglar

– Me har blitt kontakta av fleire bekymra hundeeigarar, men ingen har hatt blodig diare og oppkast, fortel Anne Kari Kind. Dei har heller ikkje høyrt om tilfelle andre plassar i Hallingdal. Ho fortel at dei er føre var, og gjer tiltak på klinikken for å vere på den sikre sida.

– Hundar kan ikkje kome inn her utan avtale, og me desinfiserer klinikken, fortel Kind.

Utsett

Klinikken tek i mot hundar frå både aust og vest.

– Me har mange kundar frå Oslo- og Bergensområdet. Me har mange hyttefolk som er kundar, som kanskje har med seg hunden, både selskapshundar og jakthundar, seier Kind.

Ein veit enno ikkje kva sjukdommen kjem av, eller om det er bakterie eller virus. Veterinær Anne Kari Kind fortel om behandlinga hundane kjem til å få, uavhengig om det er bakterie eller virus som er årsaka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hundane vil få naudsynt støttebehandling. Det vil blant anna omfatte intravenøs væskebehandling.

Gode råd

Dyreklinikken i Ål kjem med gode råd til hundeeigarar.

– Ikkje la hunden helse på andre hundar på tur, unngå at hunden snusar mykje i grøfta der andre hundar har vore, og følg vaksineanbefalingane veterinæren gir, oppmodar dyreklinikken.

Anne Kari Kind er spent på kva sjukdommen kan skuldast. Klinikken håpar det er virus som det finst vaksine mot, slik at infeksjon kan førebyggast. Parvoviruset kan for eksempel gi alvorleg tarmbetennelse.

Ein må reisa til veterinæren med ein gong, om ein merkar at hunden har blodig diare eller oppkast. Store samlingar som utstillingar og dressurkurs bør ein også unngå.

Mattilsynet oppmodar om å avgrensa nærkontakten mellom hundar og å halde hundane i band.