Eigedomsskatt for verker og bruk.
Eigedomsskatt for verker og bruk.

Flå protesterer mot skatteforslag

Flå kommune vil tape nesten heile eigedomsskatten dersom på regjeringas forslag blir vedteke.

I forslaget til endring av reglar for eigedomsskatt for verker og bruk vil skatten på overføringsliner falle bort.

– For Flå kommune betyr det at me mistar 2,5 millionar kroner av totalt 2,8 millionar i eigedomsskatt. Det meste av eigedomsskatten forsvinn, sa ordførar Tor Egil Buøen i kommunestyret torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men han såg ikkje svart på det. For Buøen var temmeleg sikker på at forslaget frå regjeringa ikkje blir vedteke. KrF og Sp har gjort det klart at partia ikkje støttar forslaget. Men i likskap med 148 kommunar i Landssamanslutninga for vassdragskommunar har Flå kommune sendt ein uttale der det blir uttrykt stor skepsis til forslaget.