Leiar i Flå Ap, Stian Bakken, stadfestar at Ap stiller liste ved kommunevalet i Flå.
Leiar i Flå Ap, Stian Bakken, stadfestar at Ap stiller liste ved kommunevalet i Flå.

Flå går mot listerekord

Det blir ikkje berre ei liste ved kommunevalet i Flå. Det kan bli rekordmange.

I tillegg til dei etablerte listene kan Venstre kome på banen for aller første gong.

– Eg er optimist. Det trengst ei Venstre-liste i Flå, seier Alexander Presthus, som har gått i bresjen for dette arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk dispensasjon

I haust la leiar i Flå Ap, Stian Bakken, og varaordførar og Frp-representant Karsten Ekeren ikkje skjul på at dei var uroa. Bygdelista har reint fleirtal i Flå kommunestyre i denne perioden. Det har vore demotiverande for dei andre partia. Dei frykta at det i verste fall berre kunne bli ei liste ved valet, nemleg lista til Bygdelista. I Ap var dei usikre på om dei i det heile klarte å stille liste.

– Det såg veldig mørkt ut. Men det har lysna, og no har me tolv namn, seier Bakken.

– Me har fått god hjelp frå fylkespartiet, og me har også fått dispensasjon frå kravet om 50/50-fordeling mellom kvinner og menn for å få til ei liste.

Alexander Presthus, til venstre, står på for Venstre.
Alexander Presthus, til venstre, står på for Venstre.
Ole Johnny Stavn (Samarbeidslista).
Ole Johnny Stavn (Samarbeidslista).
Leiar i Flå Bygdeliste, Jostein Mehlum.
Leiar i Flå Bygdeliste, Jostein Mehlum.

Nykomlingar

– Blir det mange ferske fjes på lista?

– Ja, det er berre to att av dei som stod på kommunevallista i 2011. Aldersfordelinga er god. Men me arbeider framleis med å få med fleire.

– Er du letta?

– Det hadde vore flaut om me ikkje hadde klart å stille liste, seier Bakken.

Men det har faktisk skjedd i det som ein gong var «raude» Flå dominert av eit sterkt Ap. Før valet i 1995 vart Ap-lista levert inn for seint. Det vart eit kommuneval utan Ap-liste. Etter den smellem har ikkje Ap vore tilbake på gamle høgder i Flå.

Artikkelen held fram under annonsen.

I gang

Bygdelista har ordføraren og fleirtalet, og slit ikkje med å fylle lista.

– Me har det nok lettare enn dei andre, seier leiar i Flå Bygdeliste, Jostein Mehlum.

– Men utfordringa er få med kvinner og dei unge, seier han.

Frp har ikkje kome i mål. Det er heller ingen avklaring i Samarbeidslista, mellom Sp og KrF.

– Me arbeider med ei samarbeidsliste, eg reknar med at me kjem med ei liste, seier den unge superveteranen Ole Johnny Stavn, som ikkje har bestemt seg for om han går på ei femte periode i kommunestyret.