Flåværingane vil ha sitt eige fellesråd i staden for å samarbeide med Nes.
Flåværingane vil ha sitt eige fellesråd i staden for å samarbeide med Nes.

Flå bryt med Nes

Sju års kyrkjesamarbeid om eit felles fellesråd går mot slutten. Flå kommune set foten ned.

Samarbeidet om eit felles kyrkjeleg fellesråd i Nes og Flå har vore ei prøveordning i to periodar. Men i Flå har det vokse fram ein skepsis til å etablere dette som ei felles ordning når prøveperioden går ut ved årsskiftet.

Mens Nes formannskap torsdag gjekk inn for å søke om at prøveordninga held fram eitt år til, sa Flå kommunestyre tidlegare på dagen kontant nei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spring er køyrt

Rett nok er vedtaket i kommunestyret berre eitt av seks innspel til fellesrådet når det skal ta den endelege avgjerda om å søke om prøveordninga skal halde fram. Men Flå-ordførar Tor Egil Buøen gir ikkje fellesråd-samarbeidet noko langt liv.

– Med eit så klart signal frå kommunestyret og med den skepsisen som rår i soknerådet i Flå, reknar eg med at dette løpet er køyrt, seier Buøen.

Det er gjort forsøk på eit kompromiss. Det skjedde i eit fellesmøte mellom medlemmer i formannskapa i Nes og Flå. Dei anbefalte at det blir søkt om å forlengje prøveordninga i eitt år på visse vilkår, nemleg at kyrkjekontoret i Flå skal vere betjent tre dagar i veka. Men i Flå kommunestyre var stemninga annleis.

Ole Johnny Stavn (Samarbeidslista).
Ole Johnny Stavn (Samarbeidslista).

Fekk støtte

Ole Johnny Stavn (Samarbeidslista) foreslo å avslutte samarbeidet om felles fellesråd slik at det blir etablert to fellesråd, eitt i kvar kommune.

– Etter å ha prøvd dette i sju år, må me vere trygge på om det er dette me vil, sa Stavn.

Stian Bakken (Ap) var samd.

– Soknerådet synest ikkje dette har vore ei optimal ordning. Det må me ta omsyn til, sa Bakken.

Etter eit gruppemøte gjekk Bygdelista, som sit med fleirtalet, også inn for forslaget til Stavn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plussar og minusar

Ein årsak til skepsisen i soknerådet er at Flå føler at ein har betalt for mykje i forhold til kva Flå har fått tilbake.

– Det har vore nokre plussar og nokre minusar. I Flå meiner me at minusane har vore større enn plassane, seier Buøen.

Kyrkjeverje Audun Aasheim følgde debatten i kommunestyret i Flå. Han reagerer slik:

– Eg forstår ikkje kva som ikkje har fungert. Tvert imot har samarbeidet mellom Nes og Flå vorte lagt merke til i dei andre forsøkskommunane, seier han.

Forstår ikkje

Fem personar er tilsett på kyrkjekontoret. Aasheim seier det må avklarast kva som skjer med desse. Dessutan har dei to kommunane utstyr som er felles.

– Me må få på plass ei samarbeidsavtale, seier Buøen.

– Er du skuffa, Aasheim?

– Eg er forundra. Eg veit ikkje kvifor dette skjer. Plutseleg er det ein negativ haldning utan at eg veit kvifor. Eg ser ikkje klart for meg kvifor dei er misfornøgde, seier Audun Aasheim.