Webkamera: Slik såg det ut ved Dyranut på Rv7 Hardangervidda fredag føremiddag.

Uveret herjar på fjellovergangane

- Det er heftige verforhold, seier Roger Nedberge Hille, operatør ved vegtrafikksentralen (VTS) i Lærdal.

Klokka 15.28 meldte vegvesenet at Hemsedalsfjellet er stengt igjen. Litt før på dagen blei det opna opp for kolonne, etter at fjellovergangen har vore stengt sidan fredags morgon. No er det altså stengt igjen.

På Filefjell blir det kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Vegen kan bli stengt på kort varsel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Haukelifjell er framleis stengt, melder vegvesenet.

Fv40 over Dagalifjell var stengt fram til klokka 18:30. Då vart det innført kolonnekøyring.

Sjekk oppdatert informasjon her.

Blir ikkje opna att

Vegvesenet melder fredag morgon at Rv7 Hardangervidda og Fv50 Hol - Aurland ikkje blir opna att i dag, fredag.

På Hemsedalsfjellet er status gode 16 timar stengt og 25 timar kolonne, medan Aurland-Hol har måtta tole 30 timar stenging og 25 timar kolonne.

Isolert

Filefjell var også stengt tidlegare i dag. På eit tidspunkt var alle fjellovergangane mellom aust og vest stengt.

Det er første gong Filefjell blei stengt denne vintersesongen.

– Det er også det fjellet som er mest sikkert om vinteren, seier Hille.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ver førebudd

Det er sendt ut farevarsel for både for sterk vind og mykje nedbør fleire stader Sør-Norge.

Den sterke vinden vil fortsette utover laurdagen, ifølge meteorologane.

– Dette er vel nyttårsstormen, seier Hille. Han seier at folk må belage seg på å vente om dei har tenkt seg over fjellet.

– Eit alternativ kan vere å ta tog, seier Hille.

Fredag vart det målt 26 meter i sekundet i Bergsjø-området i Ål.

– Er ikkje noko krise

Roger Espeli, administrerande direktør på Vestlia Resort fortel at verken Vestlia, Highland, Bardøla eller Holms merkar noko særleg til alle dei stengde fjellovergangane.

– Det har vore nokon avbestillingar på grunn av dette, seier Espeli.

– Men hadde det vore i går, hadde det nok vore annleis. Det var ein skiftedag i går, slik at alle kom seg heim, og det kom mange nye i går som skal vere her heile helga. Me har fullt hus denne veka, med både svenskar, danskar og nordmenn.

Hotelldirektør Roger Espeli på Geilo fortel at det har vore nokon avbestillingar på grunn av uveret.

– Det er sjølvsagt ikkje noko moro når så mange fjellovergangar er stengde. Eg heiar på tunnel på Hardangervidda, seier han.