Thor Olav Fjellhøi har jobba i Ål kulturhus sidan 1992, dei siste 15 åra som kulturhusleiar. 1. mars gir han seg. (Arkivfoto)
Thor Olav Fjellhøi har jobba i Ål kulturhus sidan 1992, dei siste 15 åra som kulturhusleiar. 1. mars gir han seg. (Arkivfoto)

Fjellhøi sluttar

Thor Olav Fjellhøi har takka ja til jobb i Norges Musikkorpsforbund og sluttar som kulturhusleiar i Ål.

– Det har vore ei vanskeleg avgjerd. Eg har i utgangspunktet draumejobben, men av og til må ein gjera nokre vegval i livet, seier Fjellhøi til Hallingdølen.

15 år som leiar

Thor Olav Fjellhøi er veteran i Ål kulturhus. Han begynte som musikkleiar samtidig med at kulturhuset stod ferdig i1992. Frå 1999 overtok han jobben som kulturhusleiar. Han har markert seg sterkt og leia utviklinga av det regionale kulturhuset til det det er i dag. I 2011 vart han til og med tildelt Ål kommunes kulturpris for innsatsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det tyngste med å takke ja til ny jobb er at eg må slutte i kulturhuset. Det har vore eit eventyr å vera med heilt frå 1992 og fram til i dag. Det har vore utfordringar under vegs, men alltid givande å gå vidare, seier Fjellhøi og konstaterer at det er ei tid for alt.

Over til korps

Frå 1. mars begynner han som dagleg leiar i Norges Musikkorpsforbud Øst, med kontorplass i Oslo. Dette er ein landsdekkjande organisasjon som arbeider med ivareta korpsrørslas interesse. Fjellhøi vil ha ansvar for regionen Oslo, Akershus, Østfold og Buskerud.

– Med den erfaringa eg har med korps, gler eg meg ti å gå i gang med arbeidet. Eg har vore ein del av korpsrørsla heilt sidan eg som seksåring begynte på notekurs, seier Fjellhøi som heile tida har vore aktiv både som musikar, dirigent og arrangør.

– Ein kjempejobb

Rådmann i Ål, Tone Tveito Eidnes, synest det er trist at Fjellhøi gir seg som kulturhusleiar.

– Fjellhøi har gjort ein kjempejobb i utviklinga av kulturhuset, og det blir utfordrande å finne etterfølgjaren. Eg er likevel optimist ut frå at kulturhusleiar er ei attraktiv stilling. Me startar ein prosess og brukar den tida me treng for å finne den rette. Dette er ei viktig stilling både for Ål og Hallingdal, seier Eidnes.

Utbygging

Det siste året har Thor Olav Fjellhøi brukt mykje tid på arbeid med å finansiere utbygging av Ål kulturhus. Kommunen ynskjer at kulturhuset skal få status som landsdelsscene for dans, og det er Fjellhøi som har leia dette arbeidet.

Sjølv er han trygg på at dette arbeidet ikkje stoppar opp fordi om Fjellhøi gir seg i jobben 1. mars. Det er rådmann Tone Tveito Eidnes eining i.

– Me har kome godt i siget og har ein god dialog med Kulturdepartementet. Arbeidet er godt forankra med god støtte frå fylkeskommunen. Dessutan vil Fjellhøi bruke mykje tid på dete arbeidet fram til han sluttar, seier Tone Tveito Eidnes.