Dersom statsstøtta til rutefly mellom Fagernes og Oslo uteblir, vil tårnet på Leirin bli mørklagt og ingen vil kunne ta ned charterfly frå utlandet.
Dersom statsstøtta til rutefly mellom Fagernes og Oslo uteblir, vil tårnet på Leirin bli mørklagt og ingen vil kunne ta ned charterfly frå utlandet.

Fjellheimen vil miste utlendingar

Reisetida frå flyplass til reisemål bør ikkje vere meir enn to på timar. Dermed bør Fagernes lufthamn leve.

Det er reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin i Innovasjon Norge Reiseliv som seier dette.

– Eg skal ikkje leggje meg opp i politikken, men sett frå eit reiselivsståstad er det slik. To timars reise er smertegrensa frå ein flyplass til reisemålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utan flyplass på Leirin blir reisetida frå Gardermoen til Beitostølen og Hemsedal 3 timar, og kring 3,5 timar til Geilo.

– Det betyr at reisemåla blir avskorne frå den internasjonale marknaden utan Leirin?

– Det blir i alle fall svært vanskeleg. Flypassasjerar ventar å lande der dei skal.

Kortvarig kakefest? Direktør ved Beitostølen Atle Hovi spanderte kake på Martina Svensson i Geilo Holiday, charteroperatør Trevor DeVilliers og Andreas Smith-Erichsen i Skistar Hemsedal i april i år, men kakefesten kan bli kortvarig.
Kortvarig kakefest? Direktør ved Beitostølen Atle Hovi spanderte kake på Martina Svensson i Geilo Holiday, charteroperatør Trevor DeVilliers og Andreas Smith-Erichsen i Skistar Hemsedal i april i år, men kakefesten kan bli kortvarig.
Per-Arne Tuftin, Innovasjon Norge
Per-Arne Tuftin, Innovasjon Norge

Regjeringa vil kutte

Det begynner å haste for Leirin. Om ein månads tid skal stortinget vedta statsbudsjettet. Regjeringa vil avvikle den einaste faste flyruta der.

I praksis betyr det takk og farvel til all flytrafikk. 20–30 millionar kroner i subsidiering i året er det ikkje verd meiner Høgre og Frp, sentralt.

Men Høgre-ordførar i Hol, Tony Kjøl, og fylkesordførar Morten Eriksrød, også frå Høgre, meiner ein må sjå på samfunnsrekneskapen.

– Reiselivsnæringa er viktig for Buskerud, og Hallingdal er ein berebjelke for verdiskapinga. Me er opptekne av å få opp turismen. Difor er det utfordrande når ein foreslår å kutte fleire flyplassar med negativ utvikling, seier Eriksrød.

Han har vore i kontakt med fylkesordførar i Oppland, Gro Lundby (Ap). Saman jobbar dei inn mot sine for å påverke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er argumentasjonen?

– Det vil eg ikkje utdjupe her. Me rettar oss mot partigruppene på Stortinget, og eg vil ikkje undervurdere den viktige rolla opposisjonen har, seier Eriksrød.

– Ei opprydding er nødvending

Kristin Krohn Devold, adm.dir. i NHO Reiseliv meiner det er behov for ei opprydding blant norske småflyplassar, men at innlandet, som berre har flyplassen på Fagernes, ikkje kuttast kutta først.

Trevor DeVilliers, dagleg leiar i charterprosjektet Norway Home of Skiing seier dette.

– Eg er rysta over at denne debatten i det heile tatt er kome på bordet i ei tid der Geilo, Beitostølen og Hemsedal opplever internasjonal suksess. Dette er Norges einaste destinasjonar som har lykkast med ein felles chartersatsing utanlands.

No blir oppsvinget for charterturismen halmstrået for flyplassforkjemparane.

Flyplass som reiselivssubsidiering

Per-Arne Tuftin er klar på at dagens chartersatsing skil seg vesentleg frå tidlegare forsøk.

– Denne gongen er chartertrafikken eit norsk initiativ. Beitostølen, Hemsedal og Geilo har lært av tidlegare feil. No har ein klart å lage attraktive pakker som utanlandske turoperatørar enkelt kan selje. Skal ein få til lønsemd, er ein avhengig av vekst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er ikkje til å kome bort frå at ein då må sjå på støtte til Leirin som reiselivssubsidiering?

– Eg har respekt for dei vurderingane lokale og sentrale politikarane skal ta, men eg meiner ein også må sjå på den totale reiselivsøkonomien.