Gol-ordførar Hallvor Lilleslett og Nes-ordførar Tor O. Magnussen (med ryggen til).
Gol-ordførar Hallvor Lilleslett og Nes-ordførar Tor O. Magnussen (med ryggen til).

Finn Nes og Gol saman?

Formannskapa i Nes og Gol skal samlast i eit fellesmøte.

Det er nærmast historisk sus over dette møtet på Næringstunet i Nesbyen 29. januar.

Dei gamle naborivalane skal samlast på staden som var utgangspunktet for den nærmast udødelege duellen mellom dei to kommunane på 60-talet. Gymnasstriden som enda med at Hallingdal realskule, som låg på same stad som Næringstunet ligg no, ikkje vart bygd ut til gymnas i Hallingdal. Gymnaset vart i staden bygd på Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bitterheit

Men striden utløyste mykje bitterheit i Nes, og såleis varte «kampen» i mange år etterpå. Den vart sjølve symbolet på rivaliseringa mellom dei to kommunane.

No, i 2015, dreier det seg om samarbeid og kommunestruktur. Det er Gol kommune som har teke initiativet. Kommuneleiinga i Nes fann også ut av det er tid for ein prat.

Samarbeid

– Det er eit uforpliktande møte, seier rådmann Torstein Hansen i Nes.

Men det er eit møte med fleire tema. Formannskapa skal drøfte reiselivsorganisering, kommunestrukturprosessen og fellestiltak mellom kommunane.