Politikarane har no funne fram til ein enklare måte å definere rom for utleige kontra privat eige. (Arkivfoto)
Politikarane har no funne fram til ein enklare måte å definere rom for utleige kontra privat eige. (Arkivfoto)

Ferdig med å definere senger

Sengepolitikk har vore debattert i Hemsedal i lange tider. No er det semje om definisjonane og arealgrensene.

– Det har vore ein nyttig gjennomgang, seier Oddvar Grøthe (Sp). Hemsedalsordføraren meiner vedtaket kommunestyret gjorde siste veka før jul betyr at mykje av sengepraten er over.

– Saka er komplisert. Korleis vil du forklare innhaldet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har landa definisjonar som bør vere klare. Det går på bruk av omgrep og grenselinjer, seier han.

Med arbeidet som er gjort skal det ikkje lenger vere tvil om kva som er næringsareal og kva som ikkje er det.

Dei seinare åra har debattar kring varme senger for næringsformål og kalde senger for fritidsformål vore faste innslag på det politiske sakskartet, ikkje minst i hovudutval for plan og ressurs. Utvalsleiar Odd Holde (H) trur også medlemene der kan lene seg litt tilbake no.

– Kan du forklare kva vedtaket betyr?

– Dette er eit forsøk på klargjere kva som er næring og fritid. For å klare det må ein dra hjelp av eit måleverktøy for å kunne handheve brøkane, seier Holde.

Eit område som er definert til 70 prosent fritidsutbygging og 30 prosent næring, vil ha minimumskrav om at 30 prosent er næring, mens inntil 70 prosent kan vere fritid.

– Meininga er å lande i nærleiken av brøken, seier Holde som viser til at måleverktøyet og definisjonane no blir ein del av næringsplanen. Det er i denne planen soneinndelingane ligg som retningsgivande for alle tiltak.

– Når me vil utvikle nye senger, er det viktig å ha tilgjengeleg areal. Dersom arealet er brukt opp på «fritid», er det ingen veg tilbake. Det som no er gjort er eit ledd i ei arealdisponering som vil vere viktig for framtida, seier Holde.