Prosjektleiar Bent Aslak Brandzæg i Temarkforskning t.v. saman med ordførarane Thomas Fosen (H) i Flesberg, Eli Hovd Prestegården (Sp) i Nore og Uvdal og Dag Lislien (Sp) i Rollag under fellesmøtet i Veggli.

Fellesmøte om kommunesamanslåing

Torsdag hadde kommunestyret i Nore og Uvdal fellesmøte med dei folkevalde i Rollag og Flesberg. Onsdag er det folkemøte.

I fjor sommar engasjerte dei tre numedalskommunane forskingsinstituttet Telemarksforskning til å laga ein forstudie om kommunesamanslåing.

Forstudien var klar like før jul. Der kom det fram at viljen til å slå seg saman er laber i Nore og Uvdal og stor i Rollag og Flesberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag kveld presenterte prosjektleiar i Telemarksforsking, Bent Aslak Brandtzæg, forstudien under eit to timars fellesmøte i Veggli samfunnshus. Men det var ingen debatt om dei tre kommunane skal gå vidare i eit forprosjekt eller stoppe prosessen.

– Dette var eit reint orienteringsmøte og ei oppsummering av fakta som vart presentert av prosjektleiaren. Det kom nokre spørsmål etterpå, men det var ikkje lagt opp til diskusjon eller debatt, seier ordførar i Nore og Uvdal, Eli Hovd Prestegården.

Om ein skal gå vidare med kommunesamanslåinga i Numedal skal dei tre kommunestyra ta stilling til kvar for seg.

Torsdag var kommunepolitikarane i Numedal samla og fekk presentert forstudien om kommunesamanslåing.
Torsdag var kommunepolitikarane i Numedal samla og fekk presentert forstudien om kommunesamanslåing.

Ein forsmak på korleis stemninga er både blant politikarane og folk flest, får ein fyrstkomande onsdag kveld. Då er det ope folkemøte for heile Numedal om kommunereforma i Numedalshallen. Der er fylkesmann Helen Bjørnøy utsending for «kommunereformenes far», kommunalminister Jan Tore Sanner.