Fekk to smittetilfelle - vidaregåande-elev testa positivt

Nore og Uvdal har fått to tilfelle av koronasmitte. Blant dei ein elev ved Numedal videregåande skole.

Kommunen bekreftar dei to smittetilfella på sine heimesider tysdag.

Dei opplyser vidare at dei er i gang med smittesporing, og at nærkontaktar vil bli varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Numedal videregående skole melder at ein av deira elevar er smitta. Undervisningar går som normalt, og skulen er framleis på grønt nivå.

Det har blitt gjennomført hurtigtesting av nærkontaktar ved skulen, alle desse var negative. Det vil bli gjennomført nye testar for desse elevane både torsdag og måndag.

Les også
Arbeiderpartiet størst i Viken - SV og Frp store i Hallingdal
Les også
Fekk kulturpris for sitt frivillige arbeid
Les også
Industrien treng folk som trivst