Kommunedirektør Hege Mørk seier at dei går i gang med kartlegginga etter sommaren. Kommunane må lage ei oversikt over lokale og område som kan brukast i ein ekstraordinær flyktningsituasjon.

Faren for sabotasje av kjernekraftverk i Ukraina gir stor jobb til kommunane – kor mange flyktningar kan dei ta imot akutt?

Kommunane blir bedne om å kartlegge lokale som kan huse store mengder flyktningar på kort tid.

Bakgrunnen er faren for ulykke eller sabotasje ved kjernekraftverk i Ukraina som kan føre til radioaktive utslepp og ei plutseleg evakuering av store folkemassar. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har skissert eit «verstefallsscenario» som kan innebere ei firedobling av talet på flyktningar som kjem til Norge.

Les også
Vil ikkje bruksendre hotellet til mottak for 280 flyktningar: – Kommunen er delvis i kneståande

Skulle dette skje, må Norge ha ein plan. Difor har dei bedt statsforvaltaren lage ei oversikt over eigedom, bygg og anlegg som kan brukast til mellombels innkvartering av flyktningar. Statsforvaltaren har gitt oppgåva vidare til kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er jo verkeleg eit verstefallsscenario. Me må alltid vere førebudd, men håpar aldri at det blir eit slikt behov, seier kommunedirektør i Gol, Hege Mørk.

Slik forklarar DSB «verstefallscenarioet»

Det har no kome 3000-5000 ukrainske flyktningar til Norge per månad. Opphaldstida på mottak ligg på tre-fire månader i snitt og dei har nok kapasitet.

Viss det ein dag skjer ei ulykke eller sabotasje ved kjernekraftverk i Ukraina vil det føre til radioaktive utslepp.

Talet på flyktningar som kjem til Norge aukar brått frå 5000 per månad til 20.000 per månad.

Busetting klarar ikkje halde tritt med auken, og opphaldstida på mottak aukar til ni månader. Kapasiteten på mottaka blir sprengd.

Kommunane blir derfor bedne om å stille med lokale til innkvartering medan ein ventar på ledig plass på mottak.

– Ei omfattande kartlegging

Oversikta over aktuelle bygg må leverast til statsforvaltaren innan 1. september. Kommunane har fått eit skjema der dei skal gjere greie for kva type bygg det er snakk om, kva fasilitetar som er på plass og kor mange det kan huse - for å nemne noko.

– Det er ei ganske omfattande kartlegging, seier Hege Mørk. Ho fortel at saka vart tatt opp i leiarmøte sist veke. Sjølve jobben vil dei starte på etter sommaren.

Les også
Hotelleigar positiv til flyktningmottak: – Det er menneske som skal integrerast

– Kva er den umiddelbare reaksjonen?

– Det er ute i kommunane folk kan bu viss eit slik behov melder seg. Då er det naturleg at me blir spurt om å kartleggje potensialet. Det er ein del av beredskapen kommunane må ha, svarar Mørk.

Oppdraget kjem i tillegg til den jobben kommunane gjer med busetjing og integrering, og uavhengig av om det finst asylmottak der frå før. Bustadene som statsforvaltaren ønsker oversikt over skal kunne nyttast i eit tilfelle kor kapasiteten på mottaka er sprengd og tidsramma er knapp.

Kommunane får jobben

Hege Mørk kan førebels ikkje seie noko om kva slags bygg som kan bli aktuelle til eit slikt føremål i Gol. Men statsforvaltaren presiserer at det gjeld både private og offentlege bygg og område.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tryggande å vite at me har tenkt gjennom slike scenario før dei eventuelt kjem, seier Mørk.

Les også
Søkjer om å starte tre asylmottak i Hallingdal: – Me har kapasitet til å drifte alle

– Kva tankar har de om at kommunane får slike oppgåver?

– Me må alltid vere førebudd på det. Det er her folk skal bu, og det er me som har lokalkunnskapen. Ofte er det slik at når staten skal noko gjort, så blir kommunane bedne om å gjennomføre det, svarar Mørk.

Teltleir, brakker og bustader

Statsforvaltaren ønsker oversikt over lokale og areal som er egna for mellombels innkvartering eller som raskt kan bli det. Dei nemner til dømes bustadbrakker, lagerbygg, pensjonat og ferieheimar, idrettshallar, parkeringsplassar eller andre område som kan vere egna til teltleirar. Ei slik mellombels innkvartering kan ha lågare standard enn eit vanleg akuttmottak, skriv statsforvaltaren.

Dei ønsker også oversikt over bustader til mellombels busetjing som har eit lengre tidsperspektiv enn døma som er nemnt over. Dette kjem i tillegg til busetjinga kommunane jobbar med frå før av.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap ber om at kvart fylke skal kunne stille med 1500 sengeplassar dersom ein akutt mangedobling av talet på flyktningar skulle skje.