Kraftig vind har ført til ustabile snøforhold i fjellet. Dette biletet er frå ein skitur med mykje vind, men lite snø.
Kraftig vind har ført til ustabile snøforhold i fjellet. Dette biletet er frå ein skitur med mykje vind, men lite snø.

Fare for å løyse ut flakskred

Kraftig vind har gitt ustabile snøforhold i mange leheng.

Det har blåse godt dei siste dagane og vinden har flytta på mykje laus snø i terrenget. I helga vil vinden minke og det blir kaldare i fjellområda. Dermed er det venta meir stabil og fastare snø.

I fjellet må ein vere klar over at snøen kan vera ustabil i mange leheng. Flak av fokksnø vil nokon stader ligge over eit svakt lag av lausare snø, og denne kan vere lett å løyse ut som skred. Ver varsam i terreng brattare enn 30 grader. Laurdag blir det moderat skredfare i fjellet, skriv snøskredvarslinga på nettstaden varsom.no.