Får prøvd seg i trygge rammer

Sidan 2016 har tilsette i både private- og offentlege verksemder blitt kursa i glattkøyring på Torpomoen.

– Eg har blitt tryggare på vinterføre no, etter å ha vore her. Seinast kring jul opplevde eg å få skrens på bilen på Rv7. Men på grunn av dette kurset greidde eg å få kontroll på bilen att - og samstundes ikkje få panikk, fortel Patricia Wischmeyer.

Sidan 2016 har Torpomoen Drift arrangert glattkøyringskurs for bilførarar frå både offentlege og private verksemder. F.v. Kjell Arne Liahagen, Rolf Sakshaug, Jørund Li, Britt Kristin Marken, Gaute Holtbakk, Colin Wenig, Bjørn Erik Bergman, Silvia Herrero, Sigita Greiciuviene og Patricia Wischmeyer.

Kvir seg for å køyre på glatta

Til dagleg jobbar ho i heimetenesta i Ål kommune. Ho har alt vore på glattkøyringskurs på Torpomoen fleire gonger, men har kome tilbake for å friske opp att kunnskapen. Med seg har ho kollegaene Sigita Greiciuviene og Silvia Herrero.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var litt stressa før me kom i gang. Men det er artig å få prøvd seg. Ikkje minst er det lærerikt, seier Greiciuviene.

På jobb i heimetenesta hamnar dei stadig borti dårleg strøydde stikkvegar og elles krevjande køyreforhold. Dei fortel om kollegaer som kvir seg for å køyre utvalde plassar - og korleis det dermed kan bli vanskeleg å få gjort det ein skal. Såleis burde oppfrisking på glattkøyringskurs vera eit fast tilbod kvar vinter, meiner dei.

Glattkøyring med tilsette i heimetenestene i Ål og Hol kommunar på Torpomoen. F.v. Sigita Greiciuviene, Silvia Herrero og Patricia Wischmeyer.

Testar grenser

Gaute Holtbakk og Colin Wenig jobbar i avdelinga for heimesjukepleie i Hol. Også dei har tatt turen til Torpomoen for å prøve seg på glattisen.

– Det som er bra her er at ein får prøvd seg i trygge rammer, og ein får testa grenser, seier Holtbakk.

Kursdeltakarane får både teoretisk og praktisk opplæring i korleis ein best kan handtere bilen på glatt føre. Mellom anna får dei sjå korleis ulike førarstøttesystem hjelper føraren med å halde kontroll på bilen, og korleis ein bør køyre for å «samarbeide» med desse systema.

Glattkøyring med tilsette i heimetenestene i Ål og Hol kommunar på Torpomoen. F.v. Gaute Holtbakk og Colin Wenig.

Verdifull læring

Det er Torpomoen Drift som driftar glattkøyringsbanen på jordet mellom Torpomoen og Øyni konferansesenter i Ål. Kommunalt tilsette er berre ei av mange grupper som har vore innom etter at banen stod klar i 2016. Også blålysetatane har testa grenser med eigne køyretøy her. Det same har også andre tilsette i både offentlege og private verksemder.

– Me har køyrt alle dei tunge brann- og tankbilane på banen her. Mange fekk ei aha-oppleving knytt til tyngde og glatt føre. Det er store krefter i sving når ein får sladd på ein tankbil, eller når det slepper i ein sving, seier Kjell Arne Liahagen, ved Hallingdal brann- og redningsteneste.

Instruktør Rolf Sakshaug har 40 års erfaring frå brannvesenet, der han mellom anna har drive opplæring i glattkøyring for utrykkingspersonell. Her er han i gang med å lose tilsette frå heimetenesta i Ål gjennom glattkøyringsløypa ved Torpomoen.

Høgrisikogrupper

Denne vinteren har Torpomoen Drift særleg fokus på kursing av såkalla «høgrisikogrupper» i trafikken, altså førarar som jamt over er overrepresentert på ulykkesstatistikken. Dette gjeld til dømes ungdom, eldre og innvandrarar frå ikkje-vestlege land.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle kan nyte godt av eit slikt kurs. Men no tek me særleg tak i grupper med førarar som ein ser at er oftare involvert i ulykker enn andre, seier Jørund Li, dagleg leiar i Torpomoen Drift.

I tillegg arrangerer dei kurs for dei som måtte ynskje det - både bedrifter og privatpersonar. Instruktørane er høgt kvalifiserte, og har lang erfaring med mellom anna opplæring av utrykkingssjåførar.

– Me har fått mykje gode tilbakemeldingar på kursa så langt, seier Li. - Det er god læring berre å vera på glattisen med bil, for å prøve seg fram. Men her får folk i tillegg god teoretisk innføring, legg han til.

Dei komande fem åra har dei mål om å kurse 300 førarar årleg. Med seg i ryggen har dei også mellom anna nødetatar, NAF og lokale aktørar i forsikringsbransjen. Glattkøyringskursa er også delvis finansiert av lokale forsikringsselskap og kommunane i Hallingdal.