Torsdag behandlar formannskapet i Hol Berent Frieles konsesjonssøknad for Eivindsplass Fjellgard i Skurdalen. Eigedommen er på 4493 dekar og har totalt 29 bygg.
Torsdag behandlar formannskapet i Hol Berent Frieles konsesjonssøknad for Eivindsplass Fjellgard i Skurdalen. Eigedommen er på 4493 dekar og har totalt 29 bygg.

Får kjøpe Eivindsplass

Rådmannen tilrår at Berent Friele får konsesjon til å kjøpe Eivindsplass Fjellgard i Skurdalen – på eitt vilkår.

Innan eitt år etter at han har fått konsesjon på garden, må han flytte til eigedommen og bu der samanhengande i minst fem år.

Grunngjevinga for det er omsynet til busetting og ressursane på bruket.

Artikkelen held fram under annonsen.

16 millionar

Formannskapet skal behandle konsesjonssøknaden frå forretningsmannen frå Bergen torsdag.

Landbrukseigedommen Eivindsplass, som Karsten Isachsen bygde opp til ein kurs- og konferansestad etter at han kjøpte den i 1975, er på 4493 dekar med totalt 29 bygg. Friele inngjekk ein avtale med Isachsen om kjøp av eigedommen 7. januar, knappe to veker før Isachsen gjekk bort. Pris: 14,4 millionar kroner i tillegg til lausøyre på 1,6 millionar. Det var Isachsen sjølv som tilbydde Friele å kjøpe eigedommen. Etter nøye vurderingar sa Friele ja.

– Stort ansvar

– Me håpar me har kunnskap og ressursar til å bringe livsverket hans vidare. Det er eit stort ansvar, men me skal gjere vårt ytterste, sa Friele til Hallingdølen tidlegare i februar.

Han understreka at bygningane og eigedommen har stor betydning kulturelt og historisk. I konsesjonssøknaden skriv Friele at bygningane kring tunet skal disponerast av familien, medan resten skal pussast opp og leigast ut til inntekt for garden. Eivindsplass har 14 dekar dyrka jord og 110 dekar skog som er rekna som lite drivverdig og lønsam. Difor meinte Friele at det ikkje var grunnlag for pålagt buplikt. Det blir heller inga vidareføring av Isachsens kursverksemd.

– Det er ikkje mogleg å kopiere hans verksemd, sa Friele til Hallingdølen.