Fann draumejobben
For få år sidan var han sjølv deltakar på yrkesmessa. No jobbar Daniel Vesterlund med akkurat det han har drøymt om: sjokolade.
Daniel Vesterlund voks opp i Hemsedal og valde matfag på vidaregåande. Han snuste på å utdanne seg vidare til konditor, men det var likevel ikkje det han hadde aller mest lyst til. Så oppdaga han Philippe Høgstens sjokolade. Vesterlund fekk lærlingjobb og etter eit år har han no fått fast jobb på sjokoladefabrikken.
- Bedrifta går bra, smiler Høgsten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjokoladeduoen fortel om svært godt trafikk på standen deira på yrkesmessa i dag.
- Smaksprøver slår alltid an, stadfestar Gol-elevane Monique Haugstad og Janne Haugo Sylte.