Ein gjest ved Vestlia har vist symptom på koronaviruset, og avventar no prøvesvar.

Prøvesvara er klare: Gjesten på Vestlia hadde ikkje koronavirus

Gjesten ved hotellet på Geilo vart sett i karantene etter å ha vist symptom på koronavirus. Men sundag kveld kom det ei gladmelding frå Oslo.

Litt over klokka 21.00 fekk hotelldirektør Roger Espeli melding om at karantene var oppheva, og at gjesten og familien hennar kunne sleppast ut att frå hotellrommet der dei hadde vore heile dagen.

– Gleden var stor då me fekk bekrefta at det ikkje var korona, seier Espeli til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slo alarm

Sundagen på Vestlia vart ikkje av det vanlege slaget. På formiddagen var leiinga nøydd til å sende ut informasjon til gjester og tilsette om at ein person var sjuk, og sett i karantene saman med familien sin.

Kommuneoverlege Geir Strømmen bekrefta for Hallingdølen at vedkommande hadde vist symptom som kunne vere koronaviruset, og hadde ein reisehistorikk som gjorde at det måtte bli tatt prøver.

– Uproblematisk

Det gjekk i full fart. Allereie i kveld kom prøvesvaret frå Oslo. Då kunne familien bevege seg fritt att.

– Me har hatt eit godt samarbeid med familien, fortel Espeli.

– Dei har blitt varta opp, og situasjonen har vore uproblematisk. Det har ikkje vore noko oppstandelse her, seier han.

Koronaviruset

* Ifølgje FHI har feber vore rapportert som eit vanleg symptom på infeksjon. Sår hals er rapportert hjå personar med mild sjukdom, og litt sjeldnare er det blitt rapportert om lungebetennelse med pustevanskar og/eller hoste.

* Viruset kan smitte gjennom lufta, direkte kontakt og gjenstandar.

* FHI rår til god handhygiene, både hjå sjuke og friske. Dette er viktig for å hindre smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når ein har vore ute blant folk. Spritvask er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er mogleg.