Dette biletet er rett nok frå 1-1 mellom Lillestrøm og Tromsø på Åråsen nyleg, men skuffelsen var ikkje mindre i Belgia torsdag kveld.Foto: Christoffer Andersen / NTB

Snipp, snapp, snute - så var Europa-eventyret ute

(Royal Antwerp - LSK 2-0, 5-1 samanlagt) Det var aldri nokon tvil: Belgiske Royal Antwerp vart eit par hakk for store. LSK er ferdigspelt i Europa for i år.

– Det vart ein tøff kamp. Dei var betre med ball enn oss, smartare. Det er mykje læring å ta med seg vidare frå dette, seier Garnås til Hallingdølen rett etter kampslutt i Belgia.

Lillestrøm hadde rett og slett ei beintøff oppgåve framfor seg då dei gjekk ut på graset i Antwerpen torsdag kveld. Første kamp mellom laga enda med 3-1-seier til belgiarane på Åråsen. LSK måtte dermed vinne minst 3-0 for å ta seg vidare frå den tredje runden i Conference league.

Artikkelen held fram under annonsen.

Royal Antwerp viste alt på Åråsen siste veke kva som budde i laget. Då styrte dei det aller meste av kampen.

Det belgiske laget er nemleg ingen miniputt i europeisk målestokk; med sterke spelarar som Toby Alderweireld, som står med 174 Premier League-kampar for Tottenham, og tidlegare Serie A-spelar Radja Nainggolan.

Akkurat dét skremde ikkje Garnås.

– Det er moro å bryne seg på slike spelarar. Dei er jo ikkje der dei ein gong var, kvalitetsmessig, men dei har likevel noko ekstra. Ei rutine og ein kvalitet som gjer at du skjønar dei har spelt i dei største ligaene, seier nesningen.

– Men du tenkjer ikkje på det undervegs i kampen. Då er dei berre vanlege motstandarar. Eg prøver å gi litt juling, slik eg gjer i kvar kamp.

Kalddusj

Lillestrøm opna brukbart i den steikvarme belgiske sommarkvelden, og viste styrke og vilje i eigen boks. Espen Garnås var sjølvsagt i forsvarsrekka frå start, men alt etter 11 minutt måtte han sjå LSK-keeper Mads Christiansen plukke den første ballen ut av nettet.

Pål André Helland rota vekk ballen i farleg posisjon, og nemnde Nainggolan viste ingen nåde. Han snappa ballen og gav ein perfekt stikkar til Anthony Valencia.

1-0 til heimelaget, og Lillestrøm si tøffe oppgåve var blitt endå vanskelegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utover omgangen var det ingen tvil om kven som var det sterkaste laget. Royal Antwerp kontrollerte banespelet, men fekk ingen fleire scoringar før pause.

Snipp, snapp, snute

LSK-trenar Geir Bakke prøvde seg med eit par bytter i pausen, og endå to nye etter 65 minutt.

Men det hjelpte lite mot dei sterke belgiarane; i det 69 minutt utnytta Birger Verstraete klabb og babb i feltet og fekk prikka ballen i mål til 2-0.

Det vart også sluttresultatet, noko som betyr snipp, snapp, snute for LSK sitt Europa-eventyr denne hausten.

– Me kunne kanskje straffa dei nokre gonger gjennom kampen, men slik vart det ikkje, seier Garnås.

Men Lillestrøm har framleis mykje å kjempe for; til helga møter dei Jerv i Grimstad. Lillestrøm ligg berre fem poeng bak Molde i kampen om Eliteserie-gullet.

– No må me berre ta den jobben, som begynner på sundag. Me må fokusere hundre prosent på Eliteserien no.

Les også
50 år sidan tidenes lokaloppgjer i fotball - publikum jaga dommaren frå banen
Les også
Blytung kveld for Garnås og LSK: Gjekk på Europa-smell
Les også
Trur på Europa-triumf: — Me må gå utpå og nyte, vera uredde og tette bakover
Les også
Garnås og LSK med Europa-triumf - vann kvalikkampen med eitt mål og ein liten porsjon flaks