Ambulansesjåfør og fungerande seksjonsleiar i ambulanseavdelinga til Vestre Viken, Syver Tveito, fryktar den nye saltregimet til Statens vegvesen vil føre til fleire uhell og ulukker på Rv7.
Ambulansesjåfør og fungerande seksjonsleiar i ambulanseavdelinga til Vestre Viken, Syver Tveito, fryktar den nye saltregimet til Statens vegvesen vil føre til fleire uhell og ulukker på Rv7.

Endrar saltrutinane på Rv7

Rv7 mellom Gol og Årsetsletta i Hol vil ikkje lengre bli berr like fort som tidlegare med det nye saltregimet til Statens vegvesen.

Tidlegare hadde Statens vegvesen to vinterklassar å halda seg til. Berrveg- eller vintervegstatus. Men frå no i vinter har dei ikkje mindre enn fem vinterdriftsklassar å halde seg til. For øvre del av Hallingdal sin del betyr det mindre salting og meir snø på Rv7. I tida frå siste snøfall til vegen skal vera heilt berr kan det no gå fem døgn. Aust for Gol er målet at vegen skal vera heilt berr etter 48 timar.

Fleire ulukker

– Urovekkjande, seier stasjonsleiar på Ål og fungerande seksjonsleiar i ambulanseavdelinga Vestre Viken, Syver Tveito.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fryktar det kan oppstå fleire trafikkuhell og -ulukker om deler av Rv7 skal saltast mindre og snøen blir liggjande lengre før han forsvinn.

– Det er fort å få sleng om ein hamnar i djupe hjulspor. Samstundes kan det vera stygt om ein kjem køyrande frå salta veg og inn på veg med snø eller issole og saltslaps på dekka. Målet til Statens vegvesen er å redusere saltbruken, men eg er ikkje sikker på om det vil redusere talet på uhell eller ulukker på vegstrekkja mellom Gol og Geilo. Akkurat det tykkjer eg er urovekkjande.

Med meir snø og is etter vegen vil det også føre til lengre utrykkingstid for ambulansen.

Mellom Gol og Geilo vil det ta lengre tid før vegbanen blir berr. (Arkivfoto)
Mellom Gol og Geilo vil det ta lengre tid før vegbanen blir berr. (Arkivfoto)

– Ja, det kan føre til lengre utrykkingstid, men uansett må me køyre etter tilhøva som alle andre, sjølv om me har gule bilar, seier Tveito.

Endring

For Statens vegvesen sin del er målet å redusere saltbruken og det er på vegar med mindre trafikk det skal saltast minst. Meininga er å fjerne mest mogeleg av snøen ved hjelp av mekanisk utstyr.

– Det nye kravet seier at hjulspor og to-tredeler av vegbanen skal vera snøfri innan fem timar etter siste snøfall. Men heile vegbanen skal ikkje vera snø- og isfri før det har gått fem døger, fortel overingeniør i Statens vegvesen, Bjørn Nyhus.

Det betyr at vegane vest for Gol vil ha meir vinterveg enn tidlegare år og kan få djupe hjulspor.

– Om ein samanliknar med Rv7 aust for Gol, kan det bli fleire dagar med snø- og isdekke mellom Hol og Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjem de til å bruke høvelskjær på brøytebilane?

– Nei, det vil ein veghøvel ta når hjulspora blir for djupe.

Nyhus trur ikkje det nye saltregimet vil føre til fleire ulukker på Rv7

– Me meiner det å få vegen bar i hjulspora og 2/3-deler av arealet trafikken går i, ikkje vil føre til fleire ulukker.

Statens vegvesen lovar også meir bruk av varm sand i vinter. Strøbilen kjem til å bli eit langt vanlegare syn på kalde dagar framover vinteren, fortel Nyhus.