Ål formannskap under leiing av ordførar Solveig Vestenfor t.v. har kome med sitt høyringssvar til KS før vårens lønsoppgjer. Arkivfoto.

Endrar formulering - politikarane vil prioritere fleire enn helsearbeidarar

Politikarane i Ål endrar rådmannen si innstilling til kven kommunane bør prioritere ved årets lønsoppgjer.

Partane førebur seg til lønsforhandlingar. I forkant av oppgjeret innan kommunal sektor ha KS bede kvar enkelt kommune kome med sine synspunkt og prioriteringar.

Det vart debatt rundt temaet i Ål då saka i utgangspunktet ikkje var tenkt å leggast fram for politikarane. Men etter at spørsmålet kom opp i kommunestyret vart planen endra; rådmannen beklaga og saka vart drøfta i eit utvida formannskap 27. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sentralt oppgjer

Før møtet hadde rådmannen kome med sitt framlegg til prioriteringar ved å svare på spørsmål i KS sitt utsende debatthefte. Her gjekk det fram at kommunen ønskte at den økonomiske ramma bør fordelast i sentralt oppgjer, fordi det er ressurskrevjande for små kommunar å sette i gang forhandlingsapparatet.

Les også
Kvifor er ikkje lønsspørsmål lagt fram for politikarane? – Eg legg meg flat

Dette støttar også det utvida formannskapet.

Tenker breiare

Derimot skilde politikarane lag med administrasjonen i spørsmålet om enkelte grupper skal prioriterast ved oppgjeret.

Rådmannen foreslo at KS prioriterer helsepersonell med krav om 3/4-årig høgare utdanning og med meir enn 10 eller 16 års ansiennitet. Han argumenterte for helsepersonell med høgare utdanning fordi denne gruppa fekk svakare lønsutvikling enn andre akademikargrupper.

Politikarane går breiare til verks i sitt vedtak og nemner ikkje helsepersonell spesifikt:

Les også
Lærarstreiken gav lite resultat - det er heller ikkje denne gruppa rådmannen vil prioritere i år

«Det er viktig å ha ein profil der utdanning løner seg, slik at flest mogeleg vel å utdanne seg i samsvar med kompetansebehova i kommunal sektor. Dei som har 3, 4 og 5 års høgare utdanning og lang ansiennitet, bør prioriterast».

Eit tilleggspunkt slår fast at «dei som over tid er sakka akterut skal prioriterast».

Lærarane er med

Litt av bakteppet for at politikartane i Ål bad om å få saka på sitt bord er fjorårets lønskonflikt med lærarane. Konflikten enda med at regjeringa greip inn med tvungen lønsnemnd, noko som førte til at lærarane fekk fint lite att for streiken, iallfall økonomisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik politikarane i Ål formulerer seg er lærarane i større grad enn i rådmannen sitt forslag kome med på prioriteringslista. Politikarane formulerer seg i meir generelle vendingar og nemner ikkje helsepersonell spesifikt.

Eit siste punkt frå det utvida formannskapet i Ål er at det bør innførast eit høgare ansiennitetstrinn, til dømes ved 20 år, som premierer dei som står lenge i arbeidslivet.