Emil Gulbrandsen frå Hemsedal hadde ein lengt etter havet. No har han snart gått ferdig fyrste året på akvakultur i Lofoten.

Emil hadde ein lengt etter havet - valde vidaregåande langt der nord

Privatskulen kostar 5000 kroner - i året. Her får dei åtte fyrsteårselevane frukost og lunsj kvar dag - og opplæring i akvakultur.

– Eg har alltid vore glad i havet, fortel 16-åringen frå Hemsedal.

Emil Gulbrandsen trivst veldig godt på den splitter nye vidaregåande skulen i Lofoten. Havbruksakademiet Nord ligg i Lofoten Bio Centre på Leknes og opna i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ville flytte heimanfrå, og eg ville nærmare havet, fortel Emil Gulbrandsen

Havbruksakademiet Nord ligg i desse lokala.

Valde utradisjonelt

Det var rådgjevaren Andreas Møhlenberg ved Hemsedal barne- og ungdomsskule som sette Emil på tanken om Havbruksakademiet Nord.

– Han fortalde meg om skulen. Då vart eg veldig interessert, seier Gulbrandsen som er på veg til praksis på eit fiskeoppdrett. Der er elevane kvar torsdag. Her lærer dei om faget, og etter trekvart skuleår har dei alt fått mange oppgåver som dei taklar aleine.

– Eg kjem til å jobbe på oppdrettsanlegg i sommar, fortel han.

Havbruksakademiet Nord

Norges minste vidaregåande skule.

Tilbyr treårig yrkesfagutdanning innan akvakultur.

Ligg i Lofoten Bio Center på Storeidøya, fire kilometer frå Leknes.

Opna i 2022 med åtte elevar på VG1 Naturbruk - blå line, med fokus på akvakultur.

Elevane kan fortsetja med læretid som havbruksteknikar eller fagoperatør akvakultur med avsluttande fagprøve. Ein kan og ta Vg3 naturbruk studieførebuande.

Skulen er godkjend for inntil 36 elevar.

Elevane får tilbod om grunnleggjande sikkerheitskurs, båtførarprøva og jegerprøva på Vg1.

På VG2 kan ein ta truckførar, kranførar, SRC/VHF-sertifikat og båtsertifikat D6 og D5-påbygging.

Les også
Kampen om plass på idrettsfag er framleis tøff - slik fordeler søknadene seg
Elevane har praksis på eit oppdrettsanlegg ein dag i veka.

Farmor frå nord

Gulbrandsen har ei farmor som opphaveleg er frå Hamarøy. Familien har hus på Hamarøy. Det er ein stad 16-åringen har tett kjennskap til.

– Det ligg rett over fjorden herfrå, så det er ikkje så nærme, men nærare enn Hemsedal, ler han.

Hemsedølen er ein av dei åtte første elevane ved den nye skulen som eigar og administrerande direktør i Stim, Jim-Roger Nordly, har gått i bresjen for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Emil Gulbrandsen frå Hemsedal har han snart gått ferdig fyrste året på den nye akvakultur-skulen i Lofoten.

Rekruttering til næringa

Nordly har tent pengar på å utvikle mellom anna vaksinar og bakteriedrepande virus og andre helseprodukt. Gjennom selskapet Stim er han ein storleverandør for oppdrettsindustrien, også av kompetanse og rekruttering. Havbruksakademiet held til i lokala til Stim.

– I ein liten del av bygget. Me får og servert både frukost og lunsj kvar dag, fortel Emil Gulbrandsen.

Les også
Dei er tre av tusen kvinner i yrket: – Det hender folk spør om dei skal hjelpe oss å bere, då blir eg fornærma

Elevane fekk ei utstyrspakke ved skulestart, arbeidsklede, redningsvest og anna utstyr dei treng.

– Skulen kostar berre 500 kroner i månaden. Nokre trur me er berre rikingar som går her, men me er vanlege elevar, fortel Emil. Han er den som har reist lengst for å kome på skulen i Lofoten.

– Skulen er heilt super og kan anbefalast.

Naturbruk til havs.

Tre til fem år

– Fyrste året er naturbruk, men me har fokus på akvakultur. Neste år er det rein akvakultur med fokus på havet og fiskeoppdrett.

Emil Gulbrandsen reknar med å ta generell studiekompetanse siste året. Han har alt teke jegerprøva som kurs ved skulen. Før sommaren tek han båtførarprøven. Neste år blir det D6 og mesteparten av D5-opplæringa.

– Var det fælt å flytte heimanfrå?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei. Meir fælt for dei heime, trur eg. Det har gått veldig fint, svarar 16-åringen.

– Så du blir i Lofoten i tre år?

– Kanskje i fem, om eg går i lære etterpå, og tek fagbrev. Men det veit eg ikkje enno. Eg har enno to år til å tenke på det.

Les også
Lærlingane Jonas og Embrik: – Folk skal alltid bu ein plass, og dei som har bygd skal bygge om eller på
Emil har alltid vore glad i havet. Til sommaren vil han jobbe på eit fiskeoppdrettsanlegg i Lofoten.