Ein elg vart henta opp frå Strandafjorden fredag ettermiddag. (
Ein elg vart henta opp frå Strandafjorden fredag ettermiddag. (

Elg gjennom isen

Brannvesenet måtte trø til då ein elg hadde gått gjennom Strandafjorden.

I to-tida fredag ettermiddag fekk dei melding om at ein elg hadde gått gjennom isen på Strandafjorden i Ål. Dyret låg 30-40 meter frå land, og var ikkje i live då bergingsmannskapa rykte ut.

- Kor lenge han har ligge der er vanskeleg å seie. Om han har gått gjennom isen i dag, så har det skjedd tidleg på dagen, for han var delvis fastfrosen, seier vakthavande i Hallingdal Brann- og redningsteneste, Atle Strandos.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fekk dyret laus og på land, og Mattilsynet er rutinemessig varsla.