Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (i midten) vart vist rundt i fabrikklokala til Hallingplast av produksjonssjef Ole Olsen (t.h.) og dagleg leiar Steinar Tragethon. - Imponerande, sa ministeren.

— Ekstremt viktig med gode vegar

Industrieventyret om Hallingplast imponerer også næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Tysdag var han innom fabrikken i Kleivi. I 2019 feira Hallingplast 50 år med å runde ein halv milliard i omsetning.

— Imponerande. Dette er ei bedrift som eksporterer til 30 land, mellom anna Angola. Det er artig, seier Røe Isaksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På omvisning

Næringsministeren vart vist rundt av dagleg leiar Steinar Tragethon og produksjonssjef Ole Olsen. Her arbeider kring 70 tilsette og kvart år investerer Hallingplast 10—25 millionar for å ta nye steg. Dotterselskapet Wopas er også godt i gang med dei banebrytande produkta i resirkulerbar plast.

— Kva skal til for at de kan drive på i 50 nye år, spurde Isaksen Tragethon.

Tragethon svara betre standard på Rv7, særleg vestover over Hardangervidda, og at det må leggast godt til rette for læreplassar og gjere det enklare for skuleelevar å kome på hospitering.

— Læreplassar er enklare og billigare enn å bygge veg, konstaterte Isaksen.

Dagleg leiar Steinar Tragethon (t.v.) forklarte næringsminister Torbjørn Røe Isaksen korleis dei produserer sine kjende produkt. Bjørn Sorteberg til høgre.

Samferdsel og næringsliv

Men samferdsel, både veg og bane, er sentrale for utviklinga i fleire næringar i distriktet. I reiselivet er Ringeriksbanen og fleire avgangar trekt fram som heilt avgjerande. Det same er ein meir vintersikker Rv7 over Hardangervidda. For Hallingplast, som i gjennomsnitt sende ut tolv trailerar kvar einaste dag i fjor, er sikker og god veg ein føresetnad for vidare satsing. Tragethon bad næringsministeren ikkje gløyme dette.

— Det er ekstremt viktig med gode vegar. Ein viktig grunn til det er næringslivet, anten det er reiseliv eller produksjonsbedrifter, seier Røe Isaksen, og forsikra at han pratar med samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) om slike spørsmål.

— Alle innspel om vegar blir tekne med. Sjølv om samferdselsbudsjettet har auka, er det slik at det ikkje er pengar til alt samtidig. Men me skal halde fram med satsinga på samferdsel.

Foredrag på Geilo

Då Røe Isaksen delte ut SIVA-prisen til Hallingplast i fjor, inviterte han seg sjølv på besøk. Tysdag kombinerte han turen til Hallingdal med å prate for 300 deltakarar på Hallingtreff 2020 på Vestlia Resort på Geilo. Dette er rekna som det viktigaste årlege treffet for vatn- og avløpsbransjen i Norge. På turen ut i distriktet understrekar Røe Isaksen at næringslivet også utanfor dei store byane må få gode nok vilkår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen lytta interessert under omvisninga. Her pratar han med Børge Jensen (t.v.) og Sondre Goberg.

— Ei undersøking gjort av NHO viser at små og mellomstore bedrifter blir viktigare jo lenger utanfor dei store byane ein kjem. Bidraget deira med arbeidsplassar og eksport er kjempeviktig.

I kjend Høgre-stil trekkjer næringsministeren fram satsinga på små og mellomstore bedrifter. Og i løpet av året skal Næringsdepartementet vere ferdig med ein gjennomgang av alle støtteordningane bedrifter og gründerar kan bruke. Det kan kome særleg mindre bedrifter til gode.

— Verktøya me har hatt har vore mykje enklare å bruke for store bedrifter. Og for ei mindre bedrift som vil inn i ein ny marknad, har det vore ein jungel av verkemiddel. Dette vil me forenkle, seier Røe Isaksen.