Politikarane i Nore og Uvdal må finne fram 275.000 kroner ekstra til ombygging/rehabiliteringa av Uvdal skole.
Politikarane i Nore og Uvdal må finne fram 275.000 kroner ekstra til ombygging/rehabiliteringa av Uvdal skole.

Ekstraløyving til Uvdal skole

Det trengst ei ekstraløyving på 250.000 kroner til ombygging av Uvdal skole.

I årets budsjett har Nore og Uvdal kommune sett av 2,5 millionar kroner til formålet.

Friis Arkitekter AS har laga planløysing og utarbeidd tilbodsdokument i samarbeid med skulen. Då søknadsfristen var ute kom det inn berre eitt tilbod frå som var innanfor akseptabelt avvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet frå BN-Bygg AS var på 3,19 millionar.

Dermed måtte det til ein gjennomgang av prosjektet for å finne kostnadsreduksjonar. Ved å redusere standarden på dei tekniske anlegga, fekk ein redusert kostnaden til 2,75 millionar. Det vart ikkje vurdert som tilrådeleg å redusere den bygningsmessige standarden for å få kostnaden ytterlegare ned.

– Rådmannens vurdering at det er vanskeleg å redusere kostnadene ytterlegare, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Han foreslår at kommunestyret gir ei tilleggsløyving på 275.000 kroner til tredje utbyggingssteg av Uvdal skole. Han foreslår at 200.000 kroner blir henta frå udisponerte midlar og 50.000 kroner frå momskompensasjon.

Kommunestyret skal behandle saka fyrstkomande måndag.