Ole S. Færevaag og Ralph Johannesen er godt nøgd med fangsten.
Ole S. Færevaag og Ralph Johannesen er godt nøgd med fangsten.

Einsam bekar på vidda

Vêren sprang rett inn i hundespanna då han vart funnen torsdag. Kanskje han trudde det var artsfrendar?

Hundekøyrarane på Hardangervidda gjorde store auge så dei kom over ein sau, eller som det synte seg i ettertid, ein vêr. Midt inne på Hardangervidda. Bakom ein diger stein hadde vêren søkt ly og mat. Ved eit tilfelle vart den oppdaga av mellom andre hundekøyrarane Ralph Johannessen og Ole Sigurd Færevaag.

Fire spann

Langt innover Hardangervidda hadde dei køyrd med til saman fire spann. Ida Sofie Husabø og Jan Bjørnstad var og med. Dei møter sjeldan dyr her inne. Kanskje kan dei berre så vidt kan sjå villrein ein gong i blant. På fleire kilometers avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er opptekne av å ferdast så varsamt som mogleg. Ikkje minst i forhold til villreinen. Me køyrer kilometervis store svingar utanom, seier Færevaag. At dei skulle få nærkontakt med ein sau midtvinters, hadde dei i alle fall aldri rekna med. Under treningsturar på opptil 10–15 mil passerer dei kvitkledde vidder og vatn. Sjeldan sau.

Sauesank

Til saman hadde dei med seg 42 hundar. Bakom ein stor stein hadde vinden greve ut eit snøfritt felt. Nedi der stod vêren. Hundekøyrarane ville merke av på GPS kor den var, så dei kunne varsle eigarane når treningsturen var ferdig. Og kanskje helst få sett på nummer-merkinga i øyret. Men då dei nærma seg steinen, hoppa vêen ut på snøen. Så fekk den auge på hundane.

Kva vêren tenkte på, veit ingen, men den sette fart – rett mot det fyrste hundespannet.

– Hundane mine ville vel helst ete han. Flaks for sauen at den hadde så tjukk pels, fortel Færevaag som klarte å få vêren ut or hundefloka i spannet sitt. Då for vêren over til neste spann. Hundane tok ikkje akkurat vel imot nykommaren i spannet. Sjølv om vêren på si side helste på dei i rein glede. Den ville ha kontakt.

– Den har sikkert ikkje sett ein sau sidan i september, humrar Færevaag.

Ned i sleden

– Me måtte berre ta han med oss. Me vart jo ikkje kvitt han. Det var som å ha lim på fingrane, ler Færevaag. Dei måtte berre få fanga han, så dei kunne fortsette ferda. Ralph Johannessen sneik seg stille inn på vêren – og fekk tak i han. Så var det å få pakka den ned i hundekassa i sleden til Ralph. Vêren fekk ein midlertidig stopp i eit hundebur i ei hytte innpå vidda, før den så vart frakta ut til riksvegen og mobildekning.

Via Mai-Britt Hamre på lensmannskontoret på Geilo, fekk dei til slutt spora opp eigarane i Veggli i Numedal.

Vêrlammet var ikkje i lag med mor og syster si då sauene vart sanka inn i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei hadde avskreve vêrlammet for lengst. Dei vart veldig glad då me hadde funne det, fortel Færevaag. Vêren vart funnen langt unna der resten av saueflokken beita i sommar. Beiteområdet ligg ved Lågaros. Vêren vart funnen på nordvest-sida av Bjornesfjorden.

Willi er heime

Vêren var, ifølgje eigarane, avmagra under den tjukke pelsen.

– Me trudde han var diger, men pelsen var også full av snø og is då me fann han. Men han sprang lett og fint, fortel Færevaag. No skal vêren fôrast forsiktig opp att. Og eigarane har uttala til Færevaag at dei tykkjer han har synt seg å ha flotte genar og skal ikkje slaktast med det første.

– Me trudde det var ein sau, så eg gav han namnet Vildfri, men den må kanskje heite Willi no då, ler Færevaag. Vêren vart overlevert eigarane natt til fredag. Då hadde han hatt eigen «hybel» i bilen til Færevaag ned frå fjellet.

– Skiløparar hadde nok aldri funne dette dyret, seier han. Så kanskje ikkje så rart at sauen vart glad då han såg 42 hundar og la på sprang etter dei.