Ulykke: Det vart lange køar ved Gulsvik etter at ein bil køyrde av vegen måndag.

Lange køar på Rv7 etter bilulykke - førar henta av luftambulanse

Ein bil køyrde av vegen ved Gulsvik måndag ettermiddag. Vegen var ei stund sperra som følgje av ulykka.

Politiet melder at det berre var ein person i bilen som køyrde ut. Vedkommande var vaken då nødetatane kom til staden, men skadd.

Det skal vere snakk om skader i hovudet og ei hand. Luftambulansen vart tilkalla, og landa ved staden rundt klokka 17. Føraren vart frakta til sjukehus i Drammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulykka gjorde at trafikken først vart dirigert forbi ulykkesstaden. Då var eitt køyrefelt opent. Men klokka 17.30 vart vegen heilt sperra, for bilberging.

Det er mykje trafikk etter Rv7 i dag, etter langhelga. Det gjorde at det raskt danna seg veldig lange køar. Omtrent klokka 18.00 vart vegen opna att, men det vil bli saktegåande trafikk lenge utover kvelden som følgje av ulykka.

Les også
Motorsyklist køyrde av vegen og rett ut i vatnet
Les også
Olav Thon bygger i Flå - igjen