Fem personar er sett i karanten som følgje av det positive smittetilfellet.

Ein smitta i Hemsedal - ukjent smittekjelde

Hemsedal fekk i helga eit nytt tilfelle av koronasmitte.

– Smittevegen er ikkje kjent, seier kommuneoverlege Camilla Underland.

Det har vore stille for smittetilfelle i Hallingdal den siste veka, men i helga fekk Hemsedal inn eit positivt testsvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkommande er busett i Hemsedal, men er ikkje folkeregistrert her, seier Underland.

Sporing vart sett i gang, og fem personar er no i karantene.

– Jobbar de framleis med smittekjelda?

– Den er ferdig greia ut langt bakover i tid, utan sikker årsak, seier Underland.