Stengde dører ved Ål vidaregåande skule grunna koronasmitte.

Ein person koronasmitta ved Ål vgs: – Situasjonen er uoversiktleg

Heile Ål vidaregåande skole må halde seg heime onsdag og torsdag. Årsaka er at ein tilsett ved skulen er bekrefta koronasmitta.

Elevar og tilsette fekk beskjed seint tysdag kveld om den nye situasjonen.

– Me har ein tilsett som har testa positivt. Prøvesvaret kom i dag, fortel rektor Arnstein Sørbøen til Hallingdølen ved 22-tida tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må vere føre var

Etter at beskjeden kom har skuleleiinga og smittesporarane i Ål brukt tid på å lage liste over nærkontaktar. Alle desse, blant anna to skuleklassar, skal testast onsdag.

– I tillegg har kommuneoverlegen bestemt at me må vere føre var, derfor er alle tilsette og elevar i karantene inntil vidare. Me vil tidlegast vere tilbake på skulen fredag, seier Sørbøen.

Det blir ingen undervisning for elevane onsdag.

– Me trenger litt tid på å områ oss. Me må planlegge for digital undervisning torsdag, samstundes må me legge ein plan for ein meir langsiktig digitalundervisning om det skulle bli nødvendig. Me må tenke to tankar på ein gong, seier rektoren.

Les også
Tolv dagar i isolasjon

Onsdag vil lærarane møtast digitalt for å legge planar.

– Dei gjer ein fantastisk innsats, og er heile tida klare for å kaste seg rundt. Den framoverlente haldninga dei har imponerer, rosar rektoren.

– Uoversiktleg

Kommuneoverlege Geir Strømmen tok tysdag avgjerda om å stengje skulen.

– Situasjonen er uoversiktleg. Det er snakk om fleire dagar med potensiell smitte. Sjølv om skulen køyrer etter såkalla gult trafikklys, er det framleis felles aktivitetar. Me sett alle i karantene, i alle fall onsdag, seier Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hell i uhell: Tysdag fekk Ål kommune ein boks med 800 hurtigtestar. Onsdag vil dei bli tatt i bruk for første gong, når alle dei potensielle nærkontaktane skal testast.

Les også
Koronasjuke Amelia (18): – Skulle eg bli i Oslo og smitte dei eg bur med, eller kome meg heim?
Les også
Karantenebrot — 20.000 i bot
Illustrasjonsbilete.