Hallvard Lilleslett (i midten t.h.) og Senterpartiet ville ha svar på Hol kommunes bruk av vikartenester frå det omstridde selskapet Orange Helse. Her sit Lilleslett saman med partikollegaene Sigrid Simensen Ilsøy, Aslak Geir Skurdal og Mathias Eide Sataøen (V) i eit tidlegare møte.
Hallvard Lilleslett (i midten t.h.) og Senterpartiet ville ha svar på Hol kommunes bruk av vikartenester frå det omstridde selskapet Orange Helse. Her sit Lilleslett saman med partikollegaene Sigrid Simensen Ilsøy, Aslak Geir Skurdal og Mathias Eide Sataøen (V) i eit tidlegare møte.

Éin million til omstridd selskap

Hol kommune har brukt i underkant av éin million kroner på helsetenester frå det omstridde helsevikarselskapet Orange Helse.

Selskapet kom i søkelyset i fjor då Aftenposten avslørte at 200 kommunar har brukt 1,1 milliard kroner for vikartenester frå dette selskapet siste tiåret.

Utbyttet skal eigarane ha plassert i utanlandske skatteparadis via eit innfløkt og uoversiktleg selskapsnettverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stilte spørsmål

I Hallingdal og Nore og Uvdal har fem kommunar brukt 30 millionar på vikartenester frå Orange Helse siste ti åra.

Ål kommune har brukt 9,9 millionar, Nore og Uvdal 9,6 millionar, Gol 8,1 millionar og Flå i underkant av 2,1 millionar. Hemsedal og Nes har ikkje stått på lista over kommunar som brukar dette vikarbyrået, viste dokument Aftenposten undersøkte. Hol kommune har i løpet av 2017 og 2018 brukt i underkant av éin million på vikartenester frå selskapet, opplyste ordførar Petter Rukke (Ap) i kommunestyret onsdag. Då hadde Hallvard Lilleslett (Sp) først framført spørsmål om kommunens bruk av vikartenestene i ein interpellasjon.

Må følge avtaler

Senterpartiet ville ha svar på i kva grad Hol nyttar seg av selskapets tenester.

Lilleslett stilte også spørsmål om Orange Helse framleis er med i Innkjøpssamarbeidet for Buskerud, Telemark og Vestfold (BTV Innkjøp), og om ordføraren vil ta initiativ overfor Buskerud fylkeskommune for å få Orange Helse ut av samarbeidet. Rukke svara at det er BTV Innkjøp som har forhandla fram avtalane om vikartenester og at kommunane må halde seg til desse rammeavtalane. Hol kommune viser også til pressemeldinga frå BTV Innkjøp 5. desember 2017 i samband med avsløringane om Orange Helse i Aftenposten. I pressemeldinga, som også Hallingdølen omtala, skreiv BTV Innkjøp at det ikkje har funne grunnlag for å avvikle innkjøpsavtalar med Orange Helse AS.