Jens Martin Jørgensen (t.v.) og Calle Johansen har vore partnarar sidan 1991.
Jens Martin Jørgensen (t.v.) og Calle Johansen har vore partnarar sidan 1991.

Ein mannsalder med kontrollert galskap

Har du høyrt historia om askeladdane som kom til Hemsedal, laga ein helsikes fest og vart utelivskongar?

Ikkje? Historia er god, og den er heilt sann. Høyr berre her:

14. februar 1989: Nøkkelen blir vridd om i låsen på gamle Brustad Kafé. Døra går opp for første gong på fleire månader. Utanfor står eit skilt: «Napoleonskake og kaffi – ti kroner». Staden har fått nytt namn, Hemsedal Café. Eit namn valt litt på slump då dei nye eigarane skulle søke om serveringsløyve. Calle Johansen og kompanjong Eirik Sjursen ventar spent inne i dei nyoppussa lokala, endeleg er dei i gang. På kjøkenet står mor til Calle, ho er hyra inn som kokk. Her skal det serverast husmannskost. Hemsedølene har sett litt rart på dei etter at dei kom til bygda, men alle har tatt imot dei med opne armar. No skal det drivast kafé.

Artikkelen held fram under annonsen.

14. februar 2019: Det har gått 30 år. Skiltet med «Hemsedal Café» heng framleis på veggen, men napoleonskaka er borte. På kjøkenet er det ikkje lenger mor som styrer, men profesjonelle kokkar. Veggane i første etasje er fulle av elleville historier frå dei siste tre tiåra.

Det som berre skulle vere «ein vintersesong for å prøve» har blitt til noko langt meir. Ei hjørnesteinsbedrift i Hemsedal, eit langt liv med ski, afterski, historier og fest.

Jubileumsfest

I helga skal det feirast. Hemsedal Café, fyrtårnet i bygda, fyller 30 år, og det skal ikkje forbigå i det stille. Jubileet betyr at det samtidig er 30 år sidan Calle kom til Hemsedal. Kompanjongen hans heiter ikkje lenger Eirik Sjursen, men Jens Martin Jørgensen. Dei er som eit gamalt ektepar etter mange år i tospann. Dei diskuterer, småkranglar kanskje litt i ny og ne, men mest av alt har dei det sabla moro. Mottoet er greitt: «Me gir gass».

I dag er det desse tre som er partnarar i Hemsedal Café. F.v. Calle Johansen, Jens Martin Jørgensen og Thomas Karlsson.
I dag er det desse tre som er partnarar i Hemsedal Café. F.v. Calle Johansen, Jens Martin Jørgensen og Thomas Karlsson.
Calle Johansen.
Calle Johansen.
Jens Martin Jørgensen.
Jens Martin Jørgensen.

Det var nettopp det Calle gjorde hausten 1988. Han gjekk på BI og skreiv hovudoppgåve i marknadsføring. For å få pengar til studia, jobba han i ein bar saman med Sjursen. Så dukka det opp ein annonse i Aftenposten.

– «Afterski til sals i Hemsedal». Me reiste. Lokala hadde stått tomme i to år. O. Rukke Entreprenør og Olav Medgard hadde kjøpt bygget, men visste ikkje heilt kva dei skulle gjere med det. Så banka me på døra. Eg var 21 år, Eirik 23. Me sa me ville drive kafé i Hemsedal. Med ungdommens iver, lyst og mot – og 20.000 kroner att av studielånet, fortel Calle.

Han ringde heim til mor og sa dei kom til å trenge kokk. Dei ringde venner og sa dei trong servitørar. Dei teipa att vindauga, og sette i gang med å vaske, male og skaffe møblar.

– Me skulle prøve i ein sesong og satse dei pengane me hadde att, seier Calle.

Skulle berre mure

Hemsedal var annleis på den tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk henta mjølka si på meieriet sjølv. Dei henta kjøt hos slaktaren. Hemsedal var ein landbrukskommune. Me hadde ikkje akkurat ambisjonar om å få til ein av verdas beste afterski, smiler Calle. Men dei hadde trua, og trykte opp 3000 flygeblad på ei kopimaskin på turistkontoret. Dei sprang rundt og festa dei under vindusviskarane på bilar oppe ved skisenteret, og vart kjeppjaga – men det funka. Plutseleg sto det kø utanfor døra. Hemsedal Café fekk bevilling til å selje både øl og vin. Ii 1991 dukka det opp ein murar frå Oslo. Han heitte Jens Martin Jørgensen, og skulle eigentleg berre gjere ein enkel jobb på bygget. Men det eine tok det andre.

– Eg var veldig fascinert av Eirik og Calle, og det dei hadde starta her. Eg vart med. Me var skifolk, og saman var me veldig sterke, seier Jens.

– Det var berre moro. Me skulle stå på ski, og me skulle vere venner. Me var skibomsar med eit mål. Kriteriet for å jobbe på Hemsedal Café var at ein kunne stå på ski, ha «attitude» og kunne servere ein øl eller ein drink, ler Calle.

Før og etter Skistar

Etter kvart lempa dei inn eit digert stereoanlegg på kafeen, og Calle tok rolla som DJ. Repertoaret var rock, det gjekk i Jimi Hendrix og ACDC.

– Når dagen begynte, hadde me frukost og lunsj her. Etterpå bar me alle møblane ut, og inviterte after ski-gjester inn. Det sto på til i sjutida på kvelden. Deretter vaska me alt, og bar alle møbla inn att. Så hadde me middagsgjester fram til klokka ti, før me bar ut møblane endå ein gong. Då var det nattklubb. Me bar møblar i 20 år, ler Jens.

Det begynte å stå kø framfor Hemsedal Café, det kunne ta fleire timar å kome inn. Dei tok over «Hemsen» i Holdebakken, og dreiv den til den brann ned i 1998. Omtrent på same tid tok dei over Hemsedal Hotell, dei bygde seg opp på senger og var oppe i 66 leilegheiter og 650 senger på det meste.

Men så kom Skistar til bygda.

– Det tok litt tid å forstå kva det innebar, men det Skistar ikkje ville, var å drive med uteliv og restaurant. Det var der våre røter kom frå. Me bestemte oss for å avvikle alt som hadde med senger å gjere, seier Calle. Eirik Sjursen bestemte seg for å gå vidare med Hemsedal Hotell, og det var berre Calle og Jens att.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2003 kjøpte dei seg inn i Stavkroa-bygget. I 2007 tok dei over heile. After ski-konseptet som Hemsedal Café hadde blitt så kjent for, vart flytta frå sentrum og opp i Holdebakken. Det skapte utfordringar, kva skulle kafeen i sentrum bli til no? Men det har aldri vore noko tema for Calle og Jens å kvitte seg med staden. Det er hjartebarnet.

– Sjela vår ligg her nede. Pengane ligg der oppe, seier Jens.

– Kaospilotar

Då Calle kom til Hemsedal i 1988, var det ei landbruksbygd. I dag er den same bygda mest kjent for alpint og party. Hemsedal Café har hausta mange gode skussmål opp gjennom åra, blant anna blitt kåra til ein av verdas beste afterskis. Bygda har fått mykje merksemd for å vere ein party-plass, både på godt og vondt. Midt i dette har Hemsedal Café blitt ein institusjon. Det har kravd mykje jobb, alltid utvikle seg, henge med i tida og sjå trendar som kjem og går. På 30 år har dei hatt 60 menyar og bygd om åtte gonger. Korleis har Calle og Jens orka?

– Me skulle antakeleg ha kasta inn handkledet fleire gonger, men det har gått. Me har gitt gass, halde pusten og vore fokusert. Me kan vere kaospilotar, men me landar alltid på beina, seier Calle.

– Det har kravd mykje. Me starta med tomme hender, og har bygd oss opp. Det er først dei siste fire–fem åra det har blitt verkeleg fart på sakene.

Calle og Jens meiner oppsvinget mykje skuldast den nye partnaren, Thomas Karlsson. Han er dagleg leiar og har brakt nytt liv til Hemsedal Café saman med nokre medarbeidarar. No har dei så smått begynt å satse på senger att, og gleder seg over utviklinga som er på gang mellom sentrum og Holdebakken.

Planen framover? Den er i grunnen enkel.

– Me skal gi gass. Ekspandér – eller døy.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Opna 14. februar i 1989.

* Eigd av Calle Johansen (57 %), Jens Martin Jørgensen (38 %) og Thomas Karlsson (5 %).

* Hemsedal Café består av Hemsedal Café, Stavkroa Afterski, Stavkroa Sportsbar, Stallen Saloon og Stavkroa Night Club.

* 14 fast tilsette. Over 60 gjennom vintersesongen.

* Kåra til verdas beste afterski tre gonger.