Espen Gamst (til venstre), Jan Daniel Dalen og Kristoffer Turlid er ikkje heilt einige om korleis dei vil sjå tilbake på russetida.

Ei russetid med blanda kjensler

Hallingrussen uttrykker seg med blanda kjensler om korleis det har vore å ha ei russetid under ein pandemi.

Dei har festa heile natta, men er framleis vakne. Hallingrussen har samla seg utanfor Gol skule 17. mai, etter å ha køyrd i kortesje gjennom sentrum. Sjølv om dei no legg bak seg ei russetid utanom det vanlege er det ei god stemning blant dei, der dei dansar på biltaka.

– No har me festa i 18 timar, fortel Jan Daniel Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
17. mai-feiring og gudsord på fire hjul

Han og resten av gutane i Redbaron 2020 har lagt bak seg ei spesielt russetid. Festen blei ikkje slik dei hadde førestilt seg, men dei er delvis nøgd:

– Det blei jo nesten normalt, men har ikkje vore det same, fortel Espen Gamst.

Ikkje landstreff

Om ein spør kva det suraste har vore er dei ganske samstemte:

– Landstreffet i Stavanger. Utruleg kjipt å gå glipp av. Me har jo blitt invitert til neste år, men då er mange i militæret eller har begynt å studere, seier Kristoffer Turlid.

Korleis trur de at de vil sjå tilbake på russetida om nokre år?

Les også
– Folkemusikken er integrert i 17. mai

– Eg er ganske sikker på at eg vil sjå tilbake på det som ei fin tid, seier Gamst.

Det er Dalen einig i, men Turlid er ikkje like nøgd:

– Eg trur tida hadde vore betre utan korona.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis prega

Jentene i russebilen Hold'em er nøgd med at dei har skapt mykje liv dei siste vekene.

– Me har rulla mest i Gol. Det har vore ei bra natt med mykje liv, fortel Mari H. Stake, og tykkjer det var ekstra kjekt å køyre gjennom nabolag i morgontimane med allsong og dele ut russekort.

Jentene på russebussen trekkjer fram den gode stemninga blant årets russ som ekstra positivt. Frå venstre: Anette Eidsberget, Hedda Aarhus og Siri Toppen. Mari H. Stake står framfor.

– Det var fint å gjera noko for barna, seier ho.

Siri Toppen seier at ho framleis er prega av ei amputert russefeiring:

– Det har jo vore ei tid med restriksjonar og mange forholdsreglar. Og å ikkje kunne reise på landstreffet er skuffande.

Les også
17. mai-tur på 1. klasse

Jentene fortel at dei alltid har hatt antibac på plass i bilen.

– Ein ting som har vore positivt med korona er jo at det har vore mindre folk ute. Så når me har festa, har me berre vore russ i lag. Og det har jo vore herleg, å berre vere oss russ saman utan andre, seier Anette Eidsberget.

Årets russ legg bak seg ei heilt spesiell feiring.
Les også
«Kløna» og «Trump»
Les også
Sjå heile Hallingdølen si 17. mai-sending i opptak!