Det er lågare vasstand enn vanleg i Flævatn.
Det er lågare vasstand enn vanleg i Flævatn.

E-CO tappa Flævatn i godveret

Det er fleire årsaker til at det for tida er låg vasstand i Flævassdammen.

Hallingdølen har vorte kontakta av folk som ferdast i området rundt dammen.

Dei påpeikar at vassmengda har gått ned utover hausten. Kvifor, spør dei. E-CO har også vorte kontakta og eit svarbrev er på veg til spørsmålsstillarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje noko dramatisk, seier avdelingsleiar Vidar Hansen i E-CO.

– Magasinet låg i slutten av september på 2,5 meter under full kapasitet, ikkje 4 meter som det blir hevda. Men no er vasstanden tre meter under full kapasitet.

Hansen forklarar kvifor vasstanden er låg denne hausten:

n Det skal gjennomførast jobb på Hemsil II kraftverk før vinteren. Då vil rekka med kraftverk stå i den perioden, men då vil det avhengig av nedbøren fylle seg noko opp att.

n Det var planlagd vedlikehaldsarbeid på dammen. Difor skulle Flævatn vere nedtappa ganske tidleg for å få den jobben gjort. Men no er det arbeidet utsett.

n Situasjonen i kraftmarknaden med ei turrare periode og høgare prisar gjorde det interessant å starte tappinga tidlegare.