Berre seksløparen manglar, elles har dei cowboy-utstyret i orden, Kristin Larsen (ruter) og Inger Solveig Thorset frå Hemsedal. I september 1995 kom dei heim etter tre månader på ranch i Texsas. Med solbleika hår, texasaksent – og ny, tjukk hud i hendene etter å ha trena med lasso så hudfillene slang. Det begynte med at eit bluesband frå Texsas spela i Hemsedal, og hestejenta Kristin hadde dei med seg på ridetur. Ho fortalde at ho drøymte om å reise til statane for å lære meir om westernriding – og dermed var i grunnen det meste gjort. Ein av musikarane sette i gang jungeltelegrafen, og plutseleg hadde Kristin ein invitasjon til Prude Ranch i Texsas. Ho drog med venninda Solveig og saman vart dei kaste ut i jobben som guidar på hesteryggen. I tillegg hadde dei 200 hestar å stelle på ranchen.

Dykk i arkivet: Kristin og Inger Solveig fekk reise på ranch i Texas for å stelle 200 hestar

Hei! Du må ha et aktivt abonnement for å lese videre. Kjøp digital tilgang her