Ingrid Kindem og Nes barneskole er nominert til Spelemannpris i barneplate-klassen med gruppa Eventyr-ensemblet. I februar 1996 var det full rulle i Kulturhuset Banken i Nesbyen. 200 elever frå Nes barneskole skulle yte sin skjerv til produksjonen. No er dei same borna i ekstase over å ha vorte nominert. 10. januar 1997 gjorde NRK opptak til TV-presentasjonen med ein heil del av dei på Hallingdal folkemuseum. For å bli hulder er ein nødd om å ha bustete hår, og sjetteklassingane frå Nes må tupere håret til NRK-opptaka. Og det vart meir enn berre ein nominasjon. Under prisutdeling laurdag 8. mars gjekk prisen til Kindem og Eventyr-ensemblet. I midten «trollkjerring» Ingrid Kindem. Småhuldrene rundt er Tove Veronica Renslo, Åse Tandberg, Elisabeth Berg, Tora Johanne Groven, Camilla Lian, Elin Tystad, Gerd Randi Groven og Else Margrete Sveinsson.

Dykk i arkivet frå 1997: Kjenner du att desse «små-huldrene» frå Nesbyen?

Hei! Du må ha et aktivt abonnement for å lese videre. Kjøp digital tilgang her