Jubelen stod i taket og flagget gjekk til topps ved Herad skule onsdag 18. desember 1996. Då kunne rektor Hjørdis Bråtalien Mauritzen fortelja at skulen var redda frå nedlegging, at alle skulle få marsinpankake og hu kunne love fritime til leik i snøen. Såpass måtte ein unne seg på ein dag som denne. – Dette var den beste og finaste julegåve me kunne få. Eit einstemmig kommunestyre har bestemt at me skal få behalde skulen vår, sa rektor, ei melding som vart møtt med applaus og jubel frå elevane. Mauritzen rosa både elevar og foreldre for stort engasjement i denne saka. Kampen er krona med siger!

Dykk i arkivet frå 1996: Skulen vart berga - kjenner du att nokon av dei glade elevane?

Hei! Du må ha et aktivt abonnement for å lese videre. Kjøp digital tilgang her