Politiet ynskjer ei avklaring på den psykiske helsetilstanden til drapssikta.
Politiet ynskjer ei avklaring på den psykiske helsetilstanden til drapssikta.

Drapsikta godtok varetekt

Den drapssikta 25-åringen samtykka i fire vekers varetekt.

Det gjorde han i Ringerike tingrett fredag. Politiet bad om to veker i isolat først.

– Som venta, seier forsvarar Sindre Løvgaard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den drapssikta mannen er i ein dårleg psykisk forfatning, og han vart etter fengslingsmøtet køyrt tilbake til psykiatrisk avdeling i Østfold. Løvgaard meiner at det er den psykiske helsetilstanden hans som er forklaringa på kvifor han drap sambuaren sin i hytta på Sørbølfjell, og at han derfor ikkje har hatt noko motiv.

– Politiet har ein teori om motiv. Då må dei berre etterforske det, men den psykiske tilstanden er den einaste forklaringa slik me ser det, seier Løvgaard.

Politiet vil snarast mogleg utnemne rettspsykiatrar til å vurdere helsa til mannen. Eit viktig punkt i denne vurderinga blir om han var psykotisk då han drap sambuaren sin.