Politiet jobba heile tysdag med å sikre spor etter drapet på tobarnsmora. Etterforskarane meiner den sikta ektemannen har flykta ut av landet.
Politiet jobba heile tysdag med å sikre spor etter drapet på tobarnsmora. Etterforskarane meiner den sikta ektemannen har flykta ut av landet.

Drapet i Hemsedal: Flykta til Irak?

Politiet trur dei vet kor den etterlyste ektemannen oppheld seg.

Han har flykta til utlandet.

– Me har sterke mistankar om kor han er, seier politiadvokat Per Thomas Omholt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har han kome seg tilbake til Irak?

– Eg kan ikkje seie kor han er.

Omholt seier at politiet har ein teori om når drapet skjedde. Han vil ikkje seie når dette var, men stadfestar at det skjedde før måndag.

Per Thomas Omholt.
Per Thomas Omholt.

– Veit politiet når han drog frå landet?

– Ja, det veit me.

– Kor var barna etter drapet?

– Det eg kan seie er at barna ikkje var i leilegheita då politiet kom.

– Korleis vart kvinna drepen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho er ikkje obdusert enno. Men me har ein teori.

– Blir ektemannen funnen og utlevert?

– Vårt mål er å få han tilbake hit, seier Per Thomas Omholt.

* Ei 34 år gamal kvinne vart måndag funnen død i sin eigen heim.

* Politiet etterforskar saka som ei drapssak.

* Ein mann (44) er sikta, utan at politiet vil stadfeste at det er ektemannen.

* Barnevernet har tatt hand om to mindreårig barn.