Arbeiderpartiet vil mellom anna sørge for å reversere regionreforma og styrke kommuneøkonomien dersom partiet får regjeringsmakt. – Me fører ein heilskapleg politikk som legg grunnlag for ei god utvikling i Distrikts-Norge, seier Kolberg.
Arbeiderpartiet vil mellom anna sørge for å reversere regionreforma og styrke kommuneøkonomien dersom partiet får regjeringsmakt. – Me fører ein heilskapleg politikk som legg grunnlag for ei god utvikling i Distrikts-Norge, seier Kolberg.

– Distrikta viktig for Ap

Eitt er sikkert for Arbeiderpartiet etter valet: Martin Kolberg blir Stortingets eldste når han no går på sin tredje periode.

Men kor mange representantar får Kolberg med seg, både frå Buskerud og landet elles?

For Norges største parti, med det største valkampmaskineriet, har slite på meiningsmålingar siste månaden. Eit gjennomsnitt av dei nasjonale målingane utført av Poll of polls viser ei oppslutning på 27,9 prosent. Skulle det bli valresultatet, er det ein nedgang frå 30,8 i 2013. Og det attpåtil etter fire år i rolla som opposisjonsparti.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar at me vinn eit godt raud-grønt fleirtal i Buskerud, seier Kolberg.

Kommuneøkonomi

– Kvifor skal veljarane i Hallingdal og Nore og Uvdal stemme Arbeiderpartiet?

– Arbeiderpartiet er distriktas beskyttar og ven. Me fører ein heilskapleg politikk som legg grunnlag for ei god utvikling i Distrikts-Norge. Det handlar om breiband, ta tilbake unødvendige kutt regjeringa har gjort på økonomiske overføringar frå staten til distriktsutviklingsmiddel, desentralisert utdanning og kommuneøkonomi. Ål kommune hadde dei siste fire åra fått 13 millionar meir med oss. No er dei tvunge til å innføre eigedomsskatt som er rekna til å gi 15 millionar. Det kunne dei sloppe viss det frå statens side hadde vorte ført ein politikk som hadde gjort at det var nok skatteoverføringar frå staten. Me er ein garantist for Ringeriksbanen og E16 med oppstart seinast i 2021, og me står bak Rv7.

– Kva ser du som største utfordring i distriktet dei neste åra?

– Det er om sentrale styresmakter ikkje gjer ei fundamental satsing på distrikta. Ap vil setje seg imot forsøket på tvangssamanslåingar som det er akutt fare for at vil skje med ei borgarleg regjering. Og det vil bli svært utfordrande for Hallingdal i ein ny stor region dersom den blir gjennomført med borgarleg fleirtal. Høgrepartia angrip norsk landbruk med forsøket om å fjerne odelsretten frå Grunnlova og fjerne konsesjonslovene. Blir det vedteke, vil landbruket få ein heilt annan karakter. Me vil ikkje legge til rette for ei omstrukturering av landbruket, seier Kolberg.

Ven og beskyttar?

– Du seier at Ap er distriktas ven og beskyttar. Men partiet har vorte kritisert for det motsette i valkampen?

– Ja, og det på punktet har eg ei innrømming. Det er naudsynt med omstruktureringar og brukaranes behov må vere i sentrum. Men eitt omsyn må ligge til grunn: nærleik. Me må slutte å gi byråkratiet ansvaret for å gjennomføre reformer, som skattekontor og politi. Politikken må halde kontrollen på utviklinga på bakkeplanet. Det er det same prinsippet som handlar om nei til tvangssamanslåingar av kommunar.

– Vil Ap reversere regionreforma?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, der vil me setje oss ned med fylka og starte på nytt. Den geografiske inndelinga er det korkje hovud eller hale på. Det er ei undergraving av fylkesnivåets autoritet.

Vil kjempe

Arbeiderparti-ordførarane fronta av Hol-ordførar Petter Rukke og andre partimedlemmer i regionen har sidan nyttår etterlyst ein tydelegare distriktspolitikk frå eige parti.

Dei er redde for at Senterpartiet har fått for lett spel om stemmene, med si klare haldning til reformene som Rukke kallar distriktsrasering.

– Eg meiner eg no har gjort greie for kva me står for i distriktspolitikken, seier Kolberg.

– Men har de evna å få fram denne bodskapen?

– Eg har sagt dette som Arbeiderpartiets førstekandidat heile tida. Eg kan ikkje anna enn å gjenta det og be om tillit til at det er tilfelle.

– Kva skil eigentleg Ap frå regjeringspartia i synet på nye reformer? Ap har jo stemt for fleire?

– Når det gjeld kommune- og regionreform, skil me oss. Me er imot regionreforma og mot tvangssamanslåingar. I kommunar som vil slå seg saman stiller ikkje Stortinget seg i vegen for det. Gjennomføringa av politireforma har ikkje vorte slik Stortinget har føresett. Politidistrikta har fått 500 millionar mindre enn me føresette. Vår føresetnad var heller ikkje at lensmannskontora skulle vere utan lensmann. Skattekontor i Gol meiner eg igjen ikkje skulle vore nedlagt, og eg vil kjempe for at det skal haldast oppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det moglegheit for det?

– Eg trur det. Det er eit usakleg vedtak og eit eksempel på at byråkratiet får operere for fritt.

– Får du med heile partiet på dette?

– Eg har framleis eit sterkt håp om det, seier Kolberg.

68 år frå Lier

Yrke: Stortingsrepresentant

Hobby: Friluftsliv og litteratur 

Politisk førebilete: Trygve Bratteli, ein sosialdemokratisk ideolog og partitenar