skuledebatt for Ål vgs i Ål kulturhus. Tara-Michelle Tufto frå Hol var ein av to som stilte spørmål frå salen.
skuledebatt for Ål vgs i Ål kulturhus. Tara-Michelle Tufto frå Hol var ein av to som stilte spørmål frå salen.

Dette seier ungdommane etter skuledebatten

Me stilte fem elevar tre spørsmål etter skuledebatten ved Ål vgs.

1. Kva synest du om debatten, og veit du meir kva dei politiske partia står for?

2. Kva var viktigaste bodskapen?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Har du bestemt deg for kva parti du skal stemme?

{{imageLeft}}Mari Medhus, Ål (20)

1. Ein god og sakleg debatt med mange avklaringar.

2. Det var så mange inntrykk at det er vanskeleg å plukke ut éin ting.

Ål (20)
Ål (20)
Hol (19)
Hol (19)
Gol (19)
Gol (19)
Hol (16)
Hol (16)
Hol (17)
Hol (17)

3. Eg var litt usikker før eg kom, men fekk så mange svar at eg er sikrare no.

{{imageLeft}}Thomas Hagen, Hol (19):

1. Ein god debatt der eg fekk betre greie på kva partia står for.

2. Ikkje noko spesielt. Det var interessant å høyre kva dei meiner om eksamensordninga.

3. Eg var usikker før eg kom, men er litt sikrare no.

{{imageLeft}}Vilde Linne Strand, gol (19):

1. Ein interessant debatt med mykje informasjon om kva partia vil.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Garanti for lærlingplassar.

3. Eg var ganske sikker før eg kom, men er sikrare no.

{{imageLeft}}Gjermund Bjørnsen Halland, Dagali (16)

1. Eg visste ein del, men fekk betre innblikk no.

2. Hjartesaka mi er billegare bensin for oss som bur i distrikta.

3. Eg er for ung til å stemme, men er ganske sikker på kva eg ville stemt.

{{imageLeft}}Tara-Michelle Tufto, Hol (17):

1. Ein god debatt med mange avklaringar.

2. At mange vil kjempe for lærlingplassar

3. Eg er for ung til å stemme, men er sikker på kva eg ville stemt no.