I dag brukar Ole Anders Hodnungseth fem minutt i bil til barnehagen. No risikerer me halvannan time til og frå barnehagen kvar dag, seier han.
I dag brukar Ole Anders Hodnungseth fem minutt i bil til barnehagen. No risikerer me halvannan time til og frå barnehagen kvar dag, seier han.

– Dette er tragisk

– Dette skaper ekstraarbeid for oss i grendene, seier småbarnspappa Ole Anders Hodnungseth.

Åsgardane, Øygardane og Rotneim kan gjere seg klare til gravøl. Frå hausten er grendebarnehagane historie.

Mot røystene til Sp (3) og Høgre (5), vart det fleirtal for å bygge opp ny barnehage i Herad. Denne erstattar dei tre andre grendabarnehagane i kommunen. Det vart tysdag avgjort i Gol kommunestyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

I haust har barnehagesaka engasjert på lesarbrevsidene i Hallingdølen. Det viste att på tilskodarplassen bakerst kommunestyresalen. Tysdag hadde utkantane mobilisert kring 20 aktivistar, foreldre, besteforeldre og tilsette i dei tre kommunale grendebarnehagane.

Får lenger reiseveg

Bonde Ole Anders Hodnungseth frå Grønlio var ein av dei som hadde tatt plass bakarst i kommunestyresalen. Han er skuffa over at dei folkevalde vedtok å leggje ned grendebarnehagane på Rotneim, i Åsgardane og Øygardane.

Sjølv har han ei dotter i Øygardane barnehage, fem minutts køyretid heimanfrå. For Hodnungseth betyr «endring av barnehagestrukturen» at han får mykje lenger reiseveg.

Tidlegare Herad skule blir bygd om til barnehage med fem avdelingar. Kommunen sparar vel 1,5 millionar kroner på å leggje ned dei små grendebarnehagane og samle barnehageressursane. (Arkivfoto)
Tidlegare Herad skule blir bygd om til barnehage med fem avdelingar. Kommunen sparar vel 1,5 millionar kroner på å leggje ned dei små grendebarnehagane og samle barnehageressursane. (Arkivfoto)
Øygardane barnehage blir lagt ned. (Arkivfoto)
Øygardane barnehage blir lagt ned. (Arkivfoto)

– For folk som har arbeidsplassen heime, skaper dette mykje ekstraarbeid. Må me til Herad for å levere i barnehagen, vil eg dagleg bruke halvannan time i køyring til og frå. Eg synest det er tragisk, seier han.

Til Herad

Skulebygget i Herad skal gje plass til fem avdelingar under same tak. Administrasjonen har rekna ut at kommunen årleg kan spare vel 1,5 millionar kroner i drift på å samle ressursbruken i Vesterhuset, Breidokk og Herad. Men det har også ein kostnad å byggje skulen i Herad om til barnehage. I sakspapira heiter det at ombygginga vil ha ein kostnad på kring 5 millionar, men fleire av dei folkevalde gav uttrykk for tvil om kalkylen er realistisk.

Etter framlegg frå Sigrun Eng (Ap) vart det fleirtal for at administrasjonen innan midten av februar skal leggje fram eit nytt kostnadsoverslag innanfor ei ramme på inntil 5 millionar.

Utarming av grendene

Hodnungseth har forståing for argumentet om at kommunen må spare pengar. Men han har lite tru på at nedlegging av grendebarnehagane vil føre til ei reell innsparing.

– Tala som er presentert for ei innsparing, er vage. Det verkar som om målet har vore å få lagt ned grendebarnehagane. Det synest eg er synd. Viss det er eit ønske å skape aktivitet i heile bygda, er det trist at dei legg ned dette tilbodet, seier han.