Viken blir landets mest folkerike nye fylke, med nær 1,2 millionar innbyggjarar. Men i flatemål blir Viken ein «småtass» på vel 24.000 kvadratkilometer. Det er mindre enn både Vestland (34.000 kvadratkilometer), Innlandet (52.000 kvadratkilometer) og Troms og Finnmark (74.500 kvadratkilometer).
Viken blir landets mest folkerike nye fylke, med nær 1,2 millionar innbyggjarar. Men i flatemål blir Viken ein «småtass» på vel 24.000 kvadratkilometer. Det er mindre enn både Vestland (34.000 kvadratkilometer), Innlandet (52.000 kvadratkilometer) og Troms og Finnmark (74.500 kvadratkilometer).

Dette er oppgåvene til dei nye fylka

Den endelege saka om kva oppgåver fylka skal få etter regionreforma, blir først lagt fram for stortinget seinare i haust. Men i avtalen mellom KrF og dei tre regjeringspartia, har dei letta litt på sløret.

* Nordområda: Finnmark og Troms skal få eit større ansvar og ei meir sentral rolle i utforming og gjennomføring av nordområdepolitikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Integrering: Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (Imdi) skal halde fram som nasjonalt kompetansesenter på integrering, men fleire av oppgåvene blir overført til fylka, særleg ansvaret for å kvalifisere innvandrarar til å møte regionale arbeidsmarknadsbehov.

* Kompetanse Norge skal haldast oppe som direktorat, men fleire oppgåver blir overført til regionalt folkevald nivå.

* Deler av verkemiddelapparatet til Innovasjon Norge blir overført til fylka.

* Alle oppgåvene i dei noverande fylkesmannsembeta innanfor artsforvaltning (bortsett frå truga artar og verneområdeforvaltning) blir overført til fylkeskommunen.

* Administrasjonen av fylkesvegnettet blir overført frå Statens vegvesen til fylka (alt vedtatt av Stortinget).

* Fylkeskommunen blir styrka som næringspolitisk aktør. Det skal flyttast oppgåver frå SIVA til dei nye fylka.

* Folkehelse: Fylkesmannens oppgåver for folkehelse skal overførast til fylka. Men fylkesmannen skal framleis ha tilsynsoppgåvene.

* Infrastruktur: Tilskot til skredsikring av fylkesvegar blir fylka sitt ansvar. Tilskot til ikkje-statlege flyplassar blir overført frå stat til fylke. Det same gjeld innkjøp av innanlandske flyruter; utvikling av fiskehamner; støtteordninga for breibandutbygging; drosjeløyveordninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Forvaltning av utgreiings- og tilretteleggingsvedtak, samt ansvar for kystskogbruk og satsing på «økologiske føregangsfylke», skal overførast frå Fylkesmannen til fylka.

* Naturvernoppgåver skal overførast frå staten til fylka, blant anna vern av matjord, nasjonale kulturminne.

* Dagens regionale kulturminneforvaltning vil få tilført fleire oppgåver som i dag sorterer under Riksantikvaren.

* Avtalen tek sikte på å innlemme dei regionale utviklingsmidla heilt eller delvis i inntektssystemet frå 2020.

* Den statlege tilskotsordninga for utvida TT-tilbod skal leggjast inn i ramma til fylkeskommunen, men ikkje før ordninga er blitt finansiert som nasjonal ordning.

Dette skal greiast ut:

* Det er varsla eit større fylkeskommunalt ansvar for kulturoppgåver, men det er ikkje tatt stilling til kva for institusjonar som i dag er statleg finansiert, som skal overførast til fylka.

* Ei eventuell flytting av Bufetat og ansvaret for barnevernstenester vil bli tatt endeleg stilling til seinare.

* Ordninga med regionale forskingsfond skal greiast ut med sikte på at fylka skal overta ansvar og finansiering for dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Av avtalen går det ikkje fram om regionreforma på sikt skal gi stordriftsfordelar i form av meir effektiv ressursbruk. Men fylka skal sikrast tilstrekkeleg finansiering til å handtere samanslåingsprosessen.